Berrøya (utt. ["bæ:rʌya] (N/A), [bæ:rʌ:’n] (D) er ei lita øy ved vestspissen av Grisvågøya i Aure kommune på Nordmøre. Langs søraustsida av Berrøya er det eit lite høgdedrag, og det høgaste punktet er 40 moh. Vestanfor Berrøya att ligg fire holmar: Litlberrøya og Krongelholmen ligg nærmast, og Ytre og Indre Fiskholmen ligg lengst i vest. Øya har eit areal på 385 dekar. Ho er utan fast busetjing.

Berrøya vart seinast busett i løpet av 1700-talet som ein husmannsplass. Ved folketeljinga i 1900 budde det åtte personar på øya.Folketeljing 1900 for Aure herred, frå Digitalarkivet

Kjelder

Anders Todal, Gardtales i Aure, Band II, Aure, Stemshaug og Valsøyfjord kommunar

Kategori:Øyar i Aure