Leiranger kyrkje er ei langkyrkje frå 1911 i Leiranger sokn i Salten prosti. Leiranger ligg i Steigen kommune i Nordland fylke.
Byggverket er i tre og skal vere bygd med 500 plassar.
Kyrkja vart bygd i 1911, etter ein brann. Ho er bygd i romansk stil. Den gamle kyrkja vart bygd i 1734 . Etter segna skulle ho stå på den andre sida av fjorden, men ei springflo tok materialane over til Leines. Og folket tok dette som eit teikn på at Gud ville at kyrkja skulle stå der.
Bakgrunnsstoff
Leiranger kyrkje frå Kirkebyggdatabasen
Kategori:Kyrkjer i Steigen Kategori:Kyrkjer i Salten prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1911 Kategori:Nils Ryjord Kategori:Kulturminne i Steigen Kategori:Langkyrkjer i Sør-Hålogaland bispedømme