Préalpes er ei gruppe fjellkjeder med middels høgd i utkanten av Dei franske Alpane. Dei strekkjer seg frå Genfersjøen og sørvestover til elva Drôme. Fjella ligg vest for linja Chamonix - Albertville - Grenoble.
Fjella i fjellkjeda er, frå nordaust til sørvest: Chablais (høgaste topp Hauts-Forts, 2 464 m) Aravis (høgaste topp Pointe Percée, 2 750 m) Bornes (høgaste topp Pointe Blanche, 2 438 m) Bauges (høgaste topp Arcalod, 2 217 m) Chartreuse (høgaste topp Chamechaude, 2 082 m) Vercors-platået (høgaste topp Grand Veymont, 2 341 m)
Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Frankrike