Tanganyikasjøen er ein av dei store sjøane i Afrika. Innsjøen er delt mellom dei fire landa Burundi, Kongo, Tanzania og Zambia, der dei største delane av han ligg i Kongo (45 %) og Tanzania (41 %). Vatnet i innsjøen renn ut i elvesystemet til Kongoelva, og til slutt ut i Atlanterhavet.

Tanganyikasjøen er estimert til å vere den nest eldste og den nest djupaste ferskvassjøen i verda, begge etter Bajkalsjøen i Sibir.

Namn Dei fyrste europearane som kom til sjøen, Richard Burton og John Hanning Speke i 1858, og meinte at namnet kunne koma frå det lokale uttrykket kou tanganyika, ‘å møta’. Dette kunne kanskje visa til at mange elvar rann ut i han, eller at ulike folkegrupper møtte kvarandre her.

«Tanganika» blei brukt om innsjøen då Henry Morton Stanley utforska han frå Ujiji i 1876. Han skreiv at dei lokale innbyggjarane ikkje var sikre på tydinga av namnet, men kunne bruka det om særs store sjøar. Sjølv meinte han at det truleg tydde noko slikt som 'den store innsjøen spreidde seg som ei slette' eller 'sletteaktig innsjø'."I made many attempts to discover whether the Wajiji knew why the lake was called Tanganika. They all replied they did not know, unless it was because it was large, and canoes 'could make long voyages on it. They did not call small lakes Tanganika, but they called them Kitanga. The lake of Usukuma would be called Tanganika, but the little lakes in Uhha (Musunya) would be called Kitanga. Nika is a word they could not explain the derivation of, but they suggested that it might perhaps come from Nika, , an electric fish which was sometimes caught in the lake.A rational definition of Nika I could not obtain until one day, while translating into their language the English words, given in the comparative table of African languages annexed to these volumes, I came to the word 'plain', for which I obtained nika as being the term in Kijiji. As Africans are accustomed to describe large bodies of water as being like plains, 'it spreads out like a plain', I think that a satisfactory signification of the term has finally been obtained, in 'the plain-like lake'." Stanley, H.M., 1899, Through the Dark Continent, London: G. Newnes, Vol. One , Vol. Two

Stanley fekk også høyra andre namn på sjøen frå andre folkegrupper, og skreiv av folk frå Marungu kalla han Kimana, dei frå Urungu kalla han Iemba og dei frå Wakawendi kalla han Msaga, 'den urolege sjøen'

Ein har også spekulert i om namnet kan ha samband med hamnebyen Tanga i aust.

Geografi mini|venstre|Breidda av sjøen i nærleiken av Kigoma.

Innsjøen ligg i Albertine-rifta i den vestlege delen av Riftdalen, og er omgjeven av høge fjell. Han er den største riftsjøen i Afrika, og den nest største innsjøen i verda etter volum. Innsjøen er den djupaste i Afrika, og i tillegg den innsjøen med størst volum. Han strekkjer seg 673 km frå nord til sør, og er i snitt 50 km brei. Innsjøen dekkjer eit areal på 32 900 km², og har ei kystlinje på 1 828 km. I snitt er Tanganyikasjøen 570 meter djup, og på det djupaste 1 470 meter (i nord). Det er estimert at innsjøen inneheld 18 900 km³ vatn, 16 % av det tilgjengelege ferskvatnet i verda. Middeltemperaturen i overflata er 25 °C, og det har ein pH på 8,4 i snitt. I botn av sjøen er det om lag eit 4 500 meter tjukt lag med sediment over grunnfjellet.

Det enorme djupet og den tropiske plasseringa til innsjøen hindrar sirkulasjon i vassmassane, som gjer at mykje av vatnet i djupare lag er såkalla fossilt vatn og manglar oksygen (anoksisk vatn). Tilsigsområdet til innsjøen dekkjer eit areal på 231 000 km², med to store elvar som munnar ut i innsjøen, talrike mindre elvar (på grunn av dei bratte fjella som hindrar eit stort tilsigsområde), og ei stor elv ut av innsjøen, Lukuga, som er ei av sideelvene til Kongoelva.

Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ruzizi og Malagarasi. Ruzizi kjem frå Kivusjøen og munnar ut i nordenden av sjøen. Malagarisi er den nest største elva i Tanzania og renn ut i Tanganyikasjøen i aust. Malagarasi er eldre enn Tanganyika sjøen og var tidlegare ein del av Kongoelva.

Nedbør og fordamping speler ein større rolle i vassinnhaldet enn elvene. Minst 90 % av vasstilførsla kjem frå regn på overflata til sjøen, og minst 90 % av vasstapet kjem frå direkte fordamping.

Øyar Det ligg fleire øyar i sjøen. Dei viktigaste er:

Kavala (DRC) Mamba-Kayenda (DRC) Milima (DRC) Kibishie (DRC) Mutondwe (Zambia) Kumbula (Zambia)

Geologi Tanganyika er ein gammal innsjø. Dei tre bassenga hans, som i periodar med mykje lågare vasstand var separate innsjøar, har ulike aldrar. Den midtre byrja å bli danna for 9–12 millionar år sidan, den nordlege for 7–8 millionar år sidan og den sørlege for 2–4 millionar år sidan.

Innsjøen har ei kompleks historie med skiftande straummønster på grunn av den høge plasseringa si, den store djupna, den langsame påfyllingshastigheiten og plasseringa si i fjella i eit turbulent vulkansk område som har gått gjennom klimaendringar. Tilsynelatande har han sjeldan hatt eit utløp til havet i tidlegare tider. Han har difor blitt skildra som «praktisk endorheisk».

På grunn av den tropiske plasseringa si fordampar vatn raskt frå innsjøen. Derfor er han avhengig av eit høgt tilsig gjennom Ruzizi ut frå Kivu-sjøen for å halda vasstanden høg nok til å renna over. Denne utstrøyminga er tilsynelatande ikkje meir enn 12 000 år gammal, og kjem av lavastraumar som blokkerer og omdirigerer den tidlegare utstrøyminga til Kivu-bassenget inn i Edwardsjøen og deretter Nilen, og omdirigerer han til Tanganyikasjøen i staden. Teikn på gamle strandlinjer tyder på at Tanganyika til tider kan ha hatt ein opptil 300 meter lågare vasstand enn det noverande overflatenivået sitt, utan utløp til havet. Sjølv det noverande utløpet er tidvis avbrote, og det er mogleg at det ikkje var verksamt då dei fyrste vestlege oppdagingsreisande vitja sjøen i 1858.

Innsjøen kan òg til tider ha hatt forskjellige inn- og utløp; innstrøyming frå ein høgare Rukwa-sjø, tilgang til Malawisjøen og ein utfartsveg til Nilen har alle blitt foreslått å ha eksistert ein gong i historia til sjøen.

Sambandet mellom innsjøen og havet er avhengig av ein høg vasstand som gjer at vatnet kan strøyma ut av innsjøen gjennom Lukuga-elva til Kongo. Når dette ikkje er tilfellet er utløpet blokkert av sandbankar og massar av vegetasjon, og i staden er denne elva avhengig av sine eigne bielvar, særleg Niemba-elven, for å oppretthalda vasstraumen.

Vasskarakteristikkar mini|Luftfoto av Tanganyikasjøen.

Vatnet i sjøen er basisk med ein pH på rundt 9 på 0–100 meters djupne. Under denne djupna er han rundt 8,7 og går gradvis ned til 8,3–8,5 i dei djupaste delane av Tanganyika. Eit liknande mønster kan ein sjå når det gjeld elektrisk konduktivitet, frå rundt 670 μS/cm i den øvre delen til 690 μS/cm på den djupaste.

Overflatetemperaturar går vanlegvis frå rundt 24 °C i sørdelen av sjøen tidleg i august til 28-29 °C seint i regntida i mars—april. På djupner over 400 meter ligg temperaturen stabilt på 23,1-23,4 °C. Vatnet har gradvis blitt varmare sidan 1800-talet, og dette har akselerert i lag med global oppvarming sidan 1950-talet.

Vatnet i sjøen er lagdelt, og han er meromiktisk, det vil seia det vanlegvis ikkje føregår sesongmessig blanding under djupner på 150 meter. Blandinga som finst skjer vanlegvis på grunn av oppvelling i sørdelen og er driven av vind, men det skjer også mindre opp- og nedvellingar i andre delar av sjøen. På grunn av denne varige lagdelinga inneheld dei djupe delane av sjøen «fossilt vatn».Hutter; Yongqi; and Chubarenko (2011). Physics of Lakes, volume 1: Foundation of the Mathematical and Physical Background. P. 11. . Det tyder også at det ikkje er oksygen i dei djupe delane (han er anoksisk), slik at fisk og andre aerobiske organismar berre kan leva i dei øvre delane. Det finst geografiske variasjonar til denne avgrensinga, men ho er typisk på djupner rundt 100 m i norddelen av sjøen og 240–250 m i sør.Wright, J.J.; and L.M. Page (2006). Taxonomic revision of Lake Tanganyikan Synodontis (Siluriformes: Mochokidae). Florida Mus. Nat. Hist. Bull. 46(4): 99–154.Lowe-McConnell, R.H. (1987). Ecological Studies in Tropical Fish Communities. . Dei djupaste delane av sjøen inneheld store mengder giftig hydrogensulfid, og inneheld nesten ikkje liv, bortsett frå bakteriar.

Biologi mini|Neolamprologus cylindricus, ein av mange ciklideartar i TanganyikaSjøen ligg på skiljet mellom den austlege og vestlege planteregionen i Afrika. Langs breidda av sjøen veks oljepalmar, som er typisk vestafrikanske. Det er eit rikt fugleliv rundt sjøen, og det lever mange flodhestar her. I tillegg har han ei rekkje ulike artar som heilt eller hovudsakleg lever under vatn, mellom anna eit stort tal hovudsakleg endemiske ciklidar.

Reptil I Tanganyikasjøen og våtlandsområde i nærleiken finn ein nilkrokodille (mellom anna den kjende kjempekrokodillen Gustave), fleire halsvendarskjelpadder (Pelusios rhodesianus, P. sinuatus og P. subniger - sistnemnde i lagunar tilknytte sjøen).Spawls, Howell, Drewes, and Ashe (2002). A Field Guide to the Reptiles of East Africa. Academic Press, London. . Storm's water cobra, ein underart av vasskobraen Naja annulata som hovudsakleg lever av fisk, finst berre i Tanganyikasjøen, der han føretrekk steinete kystområde.O'Shea, M. (2003). Zambia & Tanzania. Henta 4. april 2017.

Fisk Innsjøen har minst 250 artar av ciklidarWest, K. (prepared by) (2001). Lake Tanganyika: Results and Experiences of the UNDP/GEF Conservation Initiative (RAF/92/G32) in Burundi, D.R. Congo, Tanzania, and Zambia. Lake Tanganyika Biodiversity Project. og over 80 andre fiskeartar. Dei fleste lever nær kysten og ned til eit djup på om lag 200 meter. Den største biomassen av fisk er derimot i den pelagiske sona (ope farvatn) og er dominert av seks artar - to artar av tanganyikasardin og fire artar av rovfisken Lates (som er i slekt med nilåboren som har øydelagd ciklidefiskbestanden i Victoriasjøen).

Nesten alle (98 %) av ciklideartane er endemiske (finst berre her) i innsjøen. Ciklidane i dei store sjøane i Afrika står for det mest utbreidde dømet på adaptiv stråling hjå virveldyr. Ciklidane i Tanganyikasjøen er morfologisk og genetisk dei mest forskjelliga av ciklidane i dei store sjøane. Dette er knytt til den høge alderen til Tanganyika, som er mykje eldre enn dei andre sjøane. Tanganyikasjøen er derfor ein viktig biologisk ressurs i studiar av evolusjonen til dyreartar.

Tanganyika har det høgaste talet på endemiske ciklideslekter av alle afrikanske sjøar. Alle ciklidane i Tanganyika høyrer til underfamilien Pseudocrenilabrinae. Av dei ti tribusane i denne underfamilien lever halvparten berre eller nesten berre i denne sjøen (Cyprichromini, Ectodini, Lamprologini, Limnochromini og Tropheini), medan tre andre har artar i sjøen (Haplochromini, Tilapiini og Tylochromini). Andre framlegg om klassifisering deler Tanganyika-ciklidane inn i så mange som 12–16 tribusar (Bathybatini, Benthochromini, Boulengerochromini, Cyphotilapiini, Eretmodini, Greenwoodochromini, Perissodini og Trematocarini i tillegg til dei som er nemnd før).

Dei fleste Tanganyika-ciklidar lever langs breidda av sjøen ned til djupner på 100 meter, men nokre artar går jamleg ned til djupner på 200 meter. Ein har tidvis funne artar frå slekta Trematocara djupar enn 300 meter, som er djupare enn nokon annan ciklide er funnen i verda.Loiselle, Paul (1994). The Cichlid Aquarium, p. 304. Tetra Press, Germany. . Nokre av djupvass-ciklidane (som Bathybates, Gnathochromis, Hemibates og Xenochromis) er blitt fanga i område som er nesten heilt utan oksygen, men korleis dei kan overleva der er uklart.

Tanganyika-ciklidar skil seg mykje frå einannan i levemåte, og kan vera planteetarar, detritusetarar, planktonetarar, insektetarar, muslingetarar, åtseletarar, skjeletarar og fiskeetarar.Mortiff, C: Lake Tanganyika and its Diverse Cichlids. Cichlid-Forum. Henta 1. mars 2017.