Dubrovnik (tidlegare kalla Ragusa) er ein gamal by på kysten av Adriahavet i Dalmatia i Kroatia. Byen er ein bykommune og administrativt sentrum for fylket Dubrovnik-Neretva
Dubrovnik vart grunnlagd i 639, og trekkjer i dag til seg mykje turisme. Byen vert ofte kalla Adriahavets perle. Den gamle delen av byen er ført opp på UNESCO si verdsarvliste.
Historie mini|venstre|250px|Gamlebyen i Dubrovnik Byen vart grunnlagd av folk som flykta frå avarane. Etter at avarane øydela den greske kolonien Epidauros, flytta innbyggjarane seg nordover og slo seg ned i området som vart Dubrovnik. Byen vart allereie i 896 underlagt Austromarriket og vart ein svært viktig handelsby med ein flåte på over 300 fartøy.
I mellomalderen var byen ein rival til Venezia, som den einaste frie bystaten i det austlege Adriahavet. På 1400- og 1500-talet fekk byen eit merkverdig nivå, takka vere sin velstand og diplomatiske evner.
Seinare kom byen under osmansk herredøme, og frå 1815 underlagt Keisardømet Austerrike og seinare Austerrike-Ungarn. Etter 1918 vart byen ein del av Kongeriket Jugoslavia då det vart oppretta.
Dubrovnik har vore sentral i utviklinga av det kroatiske språket. Han var heimstad for mange viktige poetar, forfattarar, matematikarar, fysikarar og andre forskarar.
Dubrovnik er rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavsområdet, men vart utsett for eit kraftig bombardement under krigen i det tidlegare Jugoslavia i 1991, som skada store delar av Gamlebyen, trass i at denne var heilt utan militær verdi. Gamlebyen er i ettertid rehabilitert.
Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Dubrovnik 30 436 28 434 26 922 Nova Mokošica 6 041 6 016 5 682 Mokošica 1 487 1 924 2 193 858 985 1 024 546 631 742 Kommunen Dubrovnik 43 770 42 615 41 562
Folketalet i 2021 på dei busette øyane i kommunen: Šipan (476) Lopud (278) Koločep (231)
Merknader
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Dubrovnik Guide Webkamera over Dubrovnik
Kategori:Verdsarv i Kroatia Kategori:Byar og tettstader i Dubrovnik-Neretva fylke Kategori:Bykommunar i Dubrovnik-Neretva fylke