Plješevica, stundom kalla Lička Plješivica, er eit fjell i Kroatia, på grensa til Bosnia-Hercegovina. Det er ein del av Dei dinariske Alpane. Fjellet strekker seg frå ein fjellovergang mellom Plješevica og Mala Kapela i nord, langs Krbavasletta i vest og Una i aust, og sørover til Gračac i nærleiken av Velebit.

Dei høgaste toppane er: Ozeblin på 1 657 meter, i sentrale delar av fjellet. Gornja Plješevica på 1 649 meter, i den nordlege delen. Plješevički Kabao på 1 618 meter, i den nordlege og sentrale delen.

I tillegg er det fleire toppar som strekker seg frå Plješevica, mellom anna Kremen på 1 591 meter i sør og Mrsin på 1 269 meter i nord.

Pljesevica