Pag (latin Pagus, italiensk Pago) er ei øy nord i Adriahavet utanfor kysten av Kroatia. Ho er den femte største av dei kroatiske øyane, og den øya med lengst kystlinje.
Pag har eit folketal på 8 339 (2021). I tillegg til dei større tettstadene Pag og Novalja, ligg det mange mindre landsbyar og turiststader her.
Øya er administrativt delt i den nordlege delen som høyrer til Lika-Senj fylke, med bykommunen Novalja, og den sørlege delen som høyrer til Zadar fylke med bykommunen Pag og dei to landkommunane Kolan og Povljana.
Geografi
Pag høyrer til den nord-dalmatiske øygruppa, og strekkjer seg frå nordvest mot søraust langs kysten. Mellom øya og fastlandet ligg Velebitsundet. Øya har eit areal på 305 km² og ei kystlinje på 302,47 km. Ho er 60 km lang (frå nordvest til søraust) og mellom 2 og 10 km brei.
Sørvestkysten av øya er låg, medan nordvestsida av øya er høg og bratt. Det meste av øya er steinete, og enkelte område er dekkja av middelhavskratt. Og på søraustsida ligg karstinnsjøane Velo Blato og Malo Blato. Det høgaste punktet på øya er Sveti Vid (St. Vitus, 348 m).
I dalane og på slettane vert det dyrka vin, grønsaker og frukt. Dei større plassane på øya er knytt saman av ein veg og ei 300 meter lang bogebru. Det er ferjesamband til fastlandet mellom Prizna og Žigljen. Store hamner og landsbyar er Lun, Stara Novalja, Novalja, Kolan, Šimuni, Metajna, Pag, Dinjiška og Povljana.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kolan kommune – 791 815 Novalja kommune 3 335 3 663 3 680 Pag kommune 4 350 3 846 3 175 Povljana kommune 713 759 669 Øya Pag 8 398 9 059 8 339
Dei største tettstadene på øya var:
Kommune Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Novalja Novalja 2 078 2 358 2 415 Pag Pag 2 701 2 849 2 322 Povljana Povljana 713 759 669 Kolan 276 395 467 Kolan Kolan 423 379 332
Merknader
Kjelder Referansar
Kategori:Øyar i Kroatia