mini|Kart over Bulgaria mini|Topografisk kart over Bulgaria mini|Vinterlandskap med utsyn mot fjellet Vlahina nær grensa til Nord-Makedonia.
Bulgarsk geografi viser til geografien i Bulgaria, eit land i Søraust-Europa og grensar til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas, Tyrkia og Svartehavet. Den nordlege grensa mot Romania følgjer elva Donau heilt til Silistra. Arealet til Bulgaria er 110 994 kvadratkilometer, og landet er med det litt større enn Island, Cuba eller den amerikanske delstaten Tennessee. Trass i at landet ikkje er særleg stort har det svært variert topografi, og landet kan delast inn i sletter, platå, åsar, fjell, bekken, juv og djupe elvedalar. Det geografiske senteret i Bulgaria er i Uzana.
Geografiske koordinatar:
Grenser Landet ligg på vestkysten av Svartehavet med Romania i nord, Hellas og Tyrkia i sør, og Serbia og Nord-Makedonia i vest. Sjølv om ytre historiske hendingar ofte endra landegrensene til Bulgaria dei første hundreåra landet eksisterte har det naturlege terrenget meir eller mindre definert landegrensene etter 1944, og ingen større folkegrupper har lide økonomisk på grunn av endringar av landegrensene. Etter krigen har Bulgaria stort sett vore busett av bulgararar, sjølv om det har vore fleire folkevandringar inn og ut av Bulgaria gjennom tidene. Det oppstod ingen offisielle grensestridar då Jugoslavia vart delt i 1991, sjølv om nasjonalistiske bulgararar hevda at Bulgaria hadde fått eit for lite område av regionen Makedonia — som dei delar med både Nord-Makedonia og Hellas — på grunn av den etniske tilknytinga mellom makedonarar og bulgararar.
Den totale lengda til den bulgarske landegrensa er 2 264 km. Elvar står for om lag 680 km av grensa, og den bulgarske svartehavskysten for 400 km. Dei sørlege og vestlege grensene er stort sett definert av fjellryggar i høgareliggande terreng, medan svartehavskysten utgjer heile den austlege grensa. Grensa til Romania følgjer Donau i 464 km frå det nordvestlege hjørnet av landet til byen Silistra, før ho går aust-søraust i 136 km. Donau, med bratte skrentar på den bulgarske sida, og eit breitt myrområde på den rumenske sida, er ei av dei mest effektive elvegrensene i Europa. Linja gjennom Dobruja er vilkårleg og vart trekt om att fleire gongar som følgje av internasjonale traktatar. Som følgje av dette flytta dei fleste innbyggjarane i området til det landet dei følte seg mest heime i. Grensa mot Hellas i sør er 491 km lang, medan grensa mot Tyrkia er 240 km.
Topografi mini|300px|Detaljert kart over Bulgaria Dei mest karakteristiske trekka i den bulgarske topografien er vekslande område med høgt og lågt terreng som strekkjer seg frå aust mot vest over heile landet. Frå nord til sør er desse områda Den donauske sletta, Balkanfjella (Stara Planina), Den trakiske sletta og Rodopifjella. Dei austlegaste delane nær Svartehavet er åslendt, men vert gradvis høgare jo lenger vest ein kjem, og dei vestlegaste delane av landet er berre høgareliggande område.
Meir enn to tredjedelar av landet er sletter, platå eller åslendte landskap med ei høgd mindre enn 600 meter. Sletter (under 200 meter) utgjer 31 % av landområda, platå og åsar (200 til 600 meter) 41 %, låge fjell (600 til 1 000 meter) 10 %, mellomstore fjell (1 000 til 1 500 meter) 10 %, og høge fjell (over 1 500 meter) 3 %. Middelhøgda i Bulgaria er 470 meter.
Den donauske sletta strekkjer seg frå dei vestlege grenseområda til Svartehavet. Ho strekkjer seg over området mellom Donau, som utgjer det meste av den nordlege grensa i landet, og Balkanfjella i sør. Platået stig sakte opp frå klipper langs elva til fjell med ei høgd på 750 til 950 meter. Platået er fruktbart med bølgjande åsar, og er det største kornområdet i landet.
Den sørlege kanten av Den donauske sletta glir gradvis over i foten til Balkanfjella, som stundom vert rekna som den bulgarske delen av Karpatane. Sett ovanfrå dannar Karpatane ein spegelvendt S, der dei går austover frå Tsjekkia og Slovakia, langs nordlege område av Romania, og svingar så sørover gjennom sentrale område av Romania og så vestover igjen, der dei vert kalla Dei transylvanske Alpane. Fjellet snur så austover igjen ved Jernporten, eit juv i Donau på grensa mellom Romania og Serbia, og frå her vert Balkanfjella i Bulgaria.
Balkanfjella startar frå Timokdalen i Serbia og går sørover mot Sofiadalen vest i sentrale delar av Bulgaria. Frå her går dei austover mot Svartehavet. Balkanfjella er om lag 600 km lange og 30 til 50 km breie. Dei er på sitt høgaste sentralt i Bulgaria, der Botev, det høgaste punktet, strekkjer seg opp til 2 376 meter. Fjellkjeda vert så gradvis lågare ned mot Svartehavet. Gjennom det meste av Bulgaria dannar Balkanfjella vasskiljet for elvane som renn nordover og ut i Donau eller sørover og ut i Egearhavet. Enkelte mindre elvar i aust renn òg direkte ut i Svartehavet. Sredna Gora, ein smal rygg med ei lengd på 160 km og ei høgd på rundt 1 600 meter, går frå aust til vest parallelt til Balkanfjella. Mellom desse to fjellkjedene ligg Rozovadalen (Rosedalen), som er kjend for roseoljer som vert brukt i parfyme og likørar.
Sørsida av Balkanfjella og Sredna Gora går over i Den trakiske sletta og Sofiadalen. Den trakiske sletta er om lag forma som ein trekant, og strekkjer seg frå eit punkt i aust i fjella nær Sofia og austover mot Svartehavet. Elva Maritsa renn over denne sletta. På same måte som Den donauske sletta er ikkje Den trakiske sletta eigentleg ei slette, og er noko åslendt. Det meste av terrenget er derimot flatt nok til at det kan dyrkast.
Den største dalen i Bulgaria er Sofiadalen, som er om lag 24 km brei og 96 km lang, og inneheld hovudstaden i landet og området rundt byen. Ruta gjennom denne dalen, og dalane frå Beograd til Istanbul (tidlegare Konstantinopel) via Sofia har vore historisk viktig sidan Romartida, og strategisk viktig på Balkan. Den største byen i Bulgaria vart grunnlagd langs denne ruta. Paradoksalt nok så har Bulgaria ofte vorte invadert fordi det ikkje er nokre naturlege hindringar langs ruta gjennom Sofia, trass i at fjellområda har gjort mange andre bulgarske landsbyar og byar forholdsvis utilgjengelege.
mini|Vinterlandskap i Vitosja med Rilafjella i bakgrunnen. Relativt høge fjell ligg mellom Den trakiske sletta og Sofiadalen og den greske grensa i sør. Dei vestlege områda består av tre fjellkjeder: Vitosja sør for Sofia, Rila lenger sør og Pirin i det sørvestlege hjørnet av landet. Dei er dei mest utprega topografiske kjennemerka i Bulgaria og på heile Balkan. Rila inkluderer fjelltoppen Musala, som med ei høgd på 2 925 meter er det høgaste fjellet på heile Balkan. Fleire andre fjelltoppar i Rila strekkjer seg over 2 600 meter. Dei høgaste toppane ligg over tregrensa med mykje bar stein og små fjellvatn. Dei lågare toppane er derimot dekte av alpine grassletter. Pirin er kjenneteikna med steinete toppar og skråningar. Den høgaste toppen her er Vihren med ei høgd på 2 915 meter, og er dermed den nest høgaste fjelltoppen i Bulgaria. Lenger aust ligg Rodopifjella.
Ein større del av Bulgaria er utsett for jordskjelv. To område som særleg er utsett er grenseområda i nord med senter i området rundt Gorna Orjahovitsa, og eit utstrekt område frå Rila og nordlege delar av Pirin til Plovdiv i sørlege og sentrale delar av Bulgaria. Seksten store jordskjelv råka Bulgaria mellom 1900 og 1986, dei siste to i Strazjitsa langs forkastinga Skopje-Razgrad. Til saman øydela dei to jordskjelva over 16 000 bygningar. Ein landsby vart heilt jamna med jorda, og andre vart kraftig redusert. Mange innbyggjarar budde lenge i provisoriske hus.
Drenering mini|Kart over vasskiljet i Bulgaria. Balkanfjella delar om lag elvesystemet i Bulgaria i to. Det største systemet renn nordover og ut i Svartehavet, hovudsakleg via Donau. Dette systemet inkluderer heile Den donauske sletta og eit landområde som strekkjer seg 50–80 km innover frå kysten. Det andre systemet drenerer Den trakiske sletta, og dei høgareliggande områda i sør og sørvest, ut mot Egearhavet. Sjølv om berre Donau er framkommeleg, har dei fleste elvane i Bulgaria eit stort potensial for straumproduksjon.
Av Donau sine sideelvar i Bulgaria har alle, bortsett frå Iskar, utspring i Balkanfjella. Iskar renn nordover til Donau frå utspringet sitt i Rila, og passerer gjennom dei austlege forstadane til Sofia og gjennom ein dal i Balkanfjella.
Donau får om lag 4 % av det totale volumet sitt frå dei bulgarske sideelvane, og langs den nordlege landegrensa er Donau i snitt mellom 1,6 og 2,4 km brei. Elva er vanlegvis på sitt høgaste i juni, og er frosen om lag 40 dagar kvart år.
Fleire større elvar renn direkte ut i Egearhavet. Dei fleste av desse renn raskt ned frå fjella og har greve ut djupe og naturskjønne juv. Maritsa med sideelvane sine har det klart største nedslagsfeltet, og tar til seg det meste av vatnet vest på Den trakiske sletta, heile Sredna Gora, den sørlege fjellsida av Balkanfjella, og dei nordlege fjellsidene av dei austlege Rodopifjella. Etter at ho forlet Bulgaria dannar Maritsa det meste av grensa mellom Hellas og Tyrkia. Struma og Mesta (som skil Pirinfjella frå Rodopifjella) er dei nest største bulgarske elvane som munnar ut i Egearhavet. Struma og Mesta renn òg gjennom Hellas.
Klima mini|Köppen-klimatypar i Bulgaria.
Dei to fjellkjedene og dei to breie dalane påverkar mykje av klimaet i Bulgaria gjennom heile året, og klimaet er ein overgang mellom middelhavsklima i sør og det kontinentale klimaet i sørlege delar av Russland. Balkan går aust-vest gjennom sentrale delar av landet, og skjermar delvis dei sørlege låglanda mot vinterkulda frå nord. Langs den sørlege grensa finn vi Rodopifjella, som hindrar varm og fuktig luft frå Hellas i å strøyme nordover. Det er likevel varmt i Bulgaria om sommaren, særleg på solrike ettermiddagar som stundom fører til torevêr. I nord ligg Donau langs grensa mot Romania. Sofia er eit par grader kjøligare enn dei låge dalane i aust, og spesielt kysten langs Svartehavet er mildare om vinteren. Hausten fører ofte med seg moderate temperaturar og er den tørraste tida på året, medan vinteren som regel er kjølig og skya. Snø er ganske vanleg i store delar av landet, men spesielt i høgareliggande område, og dei høgaste fjella har gjerne snø til langt utpå våren. I periodar om vinteren, når den strenge vinterkulda trenger sørover frå Russland, kan både Donau og andre elver i området fryse til. Den våtaste tida på året over det meste av landet er seint på våren, og då kjem det normalt 60–80 mm nedbør i månaden. I løpet av eit år kjem det normalt 500–600 mm.
Miljø right|mini|Skoghabitat nær Strandzja naturpark i Søraust-Bulgaria.
Som tidlegare medlem av COMECON såg Bulgaria uhemma industriell vekst som ein viktig faktor for sosial velferd og utvikling mot eit sosialistisk ideal. På grunn av dette vart miljøomsyn tabu i det sosialistiske Bulgaria, og øydeleggingane den industrielle politikken førte med seg gjekk uhindra fram til Todor Zjivkov (1962-1989) si regjering vart styrta seint i 1989. Zjvikov-regjeringa sitt engasjement for tungindustri og store miljøtrugslar vart halde skjult, særleg då det gjaldt forholdet til andre land. Fabrikkar som ikkje møtte miljømessige standarar betalte symbolske bøter, og gjorde aldri noko for å ta miljømessige omsyn. Sjølv så seint som i 1990 bagatelliserte sosialistiske styresmakter effektane etter Tsjernobylulukka i 1986. Innbyggjarane vart fortalt at dei ikkje trengde å ta jodtablettar eller andre vernande omsyn.