Novi Pazar (kyrillisk Нови Пазар, tyrkisk Yeni Pazar) er ein by og ein kommune i distriktet Raška i Serbia i den geografiske regionen Sandžak. Byen har noko over 70 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 105 000 innbyggjarar.

Namn Namnet tyder «ny basar» på det lokale språket. Namnet kjem frå det tyrkiske ordet «pazar» og det serbiske/bosniske ordet «novi» som tyder «ny».

Historie Byen kom til liv som ein handelsenklave nær byen Ras, som var hovudstad i kongedømet Serbia i mellomalderen. Ras var ikkje ein ideell stad som stoppestad for handelsmennene som reiste langs handelsvegane på Balkan, og ein ny handelsstad vart grunnlagd nokre få kilometer frå hovudstaden (og derfor namnet på byen).

Novi Pazar fekk formelt byrettar i 1459-1461 av Isa-beg Ishaković, som òg var grunnleggjaren av Sarajevo. Dei første skriftlege kjeldene nemner Novi Pazar på 1400-talet då Rådet i Republikken Ragusa sendte ein konsul til byen. Dette vitnar om at byen då alt truleg var utvikla med vegar til Dubrovnik, Niš, Sofia, Konstantinopel, Salonica (Thessaloníki), Sarajevo, Beograd og Budapest. Mange forfattarar skreiv om Novi Pazar og Evliya Celebi noterte at han var ein av dei største byane på Balkan på 1600-talet.

Byen var sete for Novibazar Sanjak under Det osmanske riket frå 1400-talet til 1900-talet.

Novi Pazar Sanjak vart okkupert og administrert av Austerrike-Ungarn frå 1878 til 1908. I 1908 kom området tilbake til Det osmanske riket, fram til 1912 då Serbia tok over under den første balkankrigen. Etter den første verdskrigen vart Novi Pazar mindre viktig.

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 44 020 1953 50 189 1961 58 776 1971 64 326 1981 74 000 1991 85 249 2002 85 996 2011 100 410 2022 106 720

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Novi Pazar 54 604 66 527 71 462 3 407 4 169 4 818 3 471 3 930 4 232 2 176 2 889 3 602 1 566 1 596 1 886

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Novi Pazar» frå , den 23. mars 2009.

Referansar

Kategori:Byar i regionen Šumadija og vestlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Raška Kategori:Distriktet Raška