Loisach er ei elv som renn gjennom Tyrol i Austerrike og Bayern i Tyskland. Ho er 114 km lang og ei av sideelvene til Isar frå venstre. Ho har sitt utspring nær Ehrwald i Austerrike, og strøymer forbi Garmisch-Partenkirchen og ut i Kochelsee. Ved Kochelsee renn restane av vatnet som vert brukt til straumproduksjon ved Walcheseekraftwerk ut i Loisach. Elva renn så ut av Kochelsee og ut i Isar ved Wolfratshausen. Ein kanal går mellom Isar og Loisach for å leie vatnet inn i eit vasskraftverk, som mellom anna reduserer risikoen for flaum i Wolfratshausen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loisach» frå , den 7. februar 2007.
Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Elvar i Austerrike