Schöpfl er den høgaste åsen i Wienerwald (Wienerskogane) og den nordaustlegaste delen av Alpane. Geologisk høyrer fjellet til Flysjalpane

Toppen er skogkledd og frå her kan ein sjå 100 km vestover mot Dei nordlege kalksteinsalpane og mot Karpatane i aust.

Ved Mitterschöpfl (om lag 880 meter over havet) ligg Leopold Figl-observatoriet, som høyrer til Universitetet i Wien. Det største instrumentet er eit teleskop med hovudspeil på 1,6 m, som vart konstruert på 1960-talet. Eit anna tårn vart bygd seinare med mindre astrofysiske teleskop.

Bakgrunnsstoff Astronomisk institutt ved Universitetet i Wien

Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Alpane