Ossiacher See er ein innsjø nær den austerikske byen Villach, og ein av dei sørlegaste i Austerrike. Han er den tredje største innsjøen i delstaten Kärnten etter Wörthersee og Millstätter See.

Det er fem større byar og landsbyar rundt innsjøen, og alle er avhengig av turisme om sommaren: Annenheim, Sattendorf, Bodensdorf, Steindorf og Ossiach. Ossiach er kjend for ein klassisk musikkfestival som vert halde her kvart år i juli-august.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Austerrike

sv:Ossiach fur:Ossiach ru:Оссиах vo:Ossiach