Knut den mektige eller Knut den store () var konge av Danmark frå 1018, konge av England frå 1016 og i ei stutt tid i 1028 var han konge av Noreg. Knut vart døypt Lambert,Adam av Bremen, Beretningen om Hamburg stift. Om Lambert: bok 2, kap.52 men truleg nytta han sjølv aldri det namnet. Han er kjend på dansk som Knud den Store og på engelsk som Cnut I eller Canute the Great.
Familie Far til Knut var kong Svein Tjugeskjegg. Dei eldste kjeldene er motseiande og til dels umogelege når det gjeld opplysningane om når Knut og syskena hans var fødde, og kven som var mor deira. Det som synest å vere det mest truverdig, er at ho som vert kalla Gunnhild av Polen (Świętosława) var mor til desse borna: Gunnhild. Ho var truleg gift med Pallig (kanskje Pallig Tokesson) og ho miste livet i massakren 13. november 1002 i England. Harald (fødd ca. 989). Han var konge over Danmark frå 1014 til han døydde i 1018. Knut (fødd ca. 996). Han var konge over England i tida 1014–1035 og rekna som konge over Danmark i tida 1018–1035.
Knut hadde òg systera Gyda, og det er usikkert om Gunnhild av Polen var mor hennar. Ho vart gift med ladejarlen Eirik Håkonsson og var mor til Håkon Eiriksson jarl, som begge spela ei viktig rolle i erobringa av England, og seinare i livet til kong Knut.
Adam av Bremen skriv at kong Svein Tjugeskjegg gifte seg med enka etter Eirik Sigersæl. Dette må ha skjedd litt før år 1000, og han hadde då sendt den første kona si attende til Polen. Enka etter Eirik Sigersæl, og mor til kong Olof Skötkonung, var mest truleg Sigrid, ho som Snorre kallar Storråde, dotter til Skoglar-Toste. Ho vart mor til Knut si halvsyster Estrid Margarete (Estrid Sveinsdotter må ha vore fødd seinast litt etter år 1000, då sonen hennar, Svein Estridsson vart fødd ca. 1019).
Knut vart, kanskje alt i 1014, gift med Ælfgifu av Northampton og med henne hadde han sønene: Svein – fødd ca. 1016, norsk konge 1030–1035 Harald Harefot – fødd ca. 1016, engelsk konge 1035–1040. I 1017 var han gift med Emma av Normandie, og med henne hadde han borna: Hardeknut – fødd ca. 1018, dansk konge 1028–1042 og engelsk konge 1040–1042.Hardeknud – av England og Danmark Store norske leksikon Gunhild (keiserinne Kunigunde) – fødd 1020, gift med den tyske kongen, seinare keisar, Henrik III.Henry III Holy roman emperor Encyclopædia Britannica
Liv og lagnad I Flatøyboka Flatøyboka bok I, side 203 er det sagt at Knut vart fostra av Torkjell Høge, og det kan òg ha vore slik då det er særs truleg at Knut, berre 3-4 år gammal, vart verande att i Danmark då mor hans vart send til Polen. Der er det òg sagt om Knut at han var sterk og stor av vekst og ein særs fager mann, med unntak av at han hadde ei tynn, høg og litt krum nase. Han var lysleitt, med fagert og langt hår og hadde klare og skarpe augo. Denne siste eigenskapen er òg nemnt i KnutsdråpaKnutsdråpa av Sigvat Skald (Skaldic Project) (7. verset) av Sigvat Skald, der han er omtala som «kvassøygd» (fráneygr). Han var ein stor krigar, våpendjerv og sigersæl. Men særs vis skal han ikkje ha vore, til liks med faren Svein, som han i alt slekta på.
Konge utan land Dei første pålitande opplysningane om livet til Knut finn ein i den angelsaksiske krønika for året 1013, der det er fortalt at han var med faren Svein Tjugeskjegg då dei «før august månad» kom med flåten til Sandwich og starta invasjonen av England. Etter at faren døydde i Gainsborough 3. februar 1014, vart han av den danske styrken teken til konge.
Den engelske kongen Ethelred hadde rømt til Normandie i 1013, då Svein Tjugeskjegg erobra landet. I påska 1014,I krøniken til John Worcester står det for året 1014, .. during Lent the king was brought back … etter at kong Svein var død, kom kong Ethelred attende til England og store hærstyrkar samla seg til han.
Truleg gav Torkjell Høge med sine vikingkrigarar støtte til kong Ethelred på denne tida. Det var òg ved dette høve at vikinghovdingen Olav Haraldsson (Olav den heilage)Olav Haraldsson ungdom .. av Oscar A. Johnsen (1916) var med i den engelske styrken, slik skalden Ottar Svarte nemner i diktet «Hovudlausn»:Hovudlausn av Ottar Svarte. «Du kom til landet, konge, og skaffa, mektig som du var, Ethelred hans rike igjen» (Komt í land, láðvǫrðr, ok lendir ríki efldr Aðalráði).
Kong Knut og dei danske styrkane kunne ikkje stå seg mot dei samla hærstyrkane til kong Ethelred og drog seg då attende til Sandwich, og seinare forlet dei landet og segla attende til Danmark. Broren Harald hadde då teke over som dansk kongeHarald 2 Svendssøn Store norske leksikon (Hentet 29. juni 2017)Encomium Emmae Reginae: Introduction, side lvi og lvii. og Knut ville at dei skulle dele kongsmakta i Danmark. Harald sette seg imotEncomium Emmae Reginae, bok 2, kap. 2) forslaget men sa seg likevel viljug til å hjelpe han med nye hærstyrkar.
mini|England og Wales på anglosaksisk tid. Frå: Atlas of European History (1910) mini|Knut møter Edmund Jerneside på øya Alney, der dei knytte vennskap med lovnadar og eidar. Teikning frå Cassell's illustrated history of England (1873) Invasjonen av England Året etter rusta Knut ut ein stor flåte og i byrjinga av september 1015Den angelsaksiske krønika for året 1013, nemner «Before the Nativity of St. Mary», dvs 8. september. hadde han samla styrkane sin ved Sandwich. Verbroren, Eirik jarl, kom samstundes frå Noreg, truleg med ni skip, og slutta seg til den danske flåten. I EiriksdråpaEiriksdråpa av Tord Kolbeinsson, vers 13, fortel skalden Tord Kolbeinsson at dei to frendane, den hjelmkledde jarlen og fyrsten (fundr hjalmaðs jarls ok hilmis), fann kvarandre der ved kysten av England. Skalden skildrar at dei deretter segla oppover floden og at dei heldt bølgehestane, det vil seie skipa, så nær land at dei kunne skode innover enska vǫllu – dei engelske sletter. På elva Frome i Dorset segla dei inn i landet, og invasjonen av England var i si emning.
Truleg vart Torkjell Høge ein av Knut sine hovdingar, og den engelske hovdingen Eadric Streona kom seinare med 40 skip og gjekk saman med Knut.
Den angelsaksiske krønika for året 1015 stadfester at kong Knut sin invasjon av England byrja med at han omkring den 8. september (Marimesse) tok laust med flåten frå Sandwich på søraustkysten av England. Kjeldene opplyser litt ulikt om kor mange skip kong Knut hadde, truleg var flåten på i alle fall 200 langskip og hærstyrken på om lag ti tusen mann.
Den angelsaksiske krønika skildrar vidare at dei fekk seg hestar og drog inn i landet, der dei herja i Dorset, i Wiltshire og Somerset, og på slutten av året var Wessex (West-Saxon) erobra, og dei var der til midt-vinter. I 1016 heldt dei fram med krigføringa og gjekk over Themsen og inn i Mercia.
Kong Ethelred vart sjuk på denne tida, om lag 50 år gammal, og hadde teke tilflukt i Londonborga der han døydde 23. april 1016. Det var sonen, Edmund Jernside, som deretter leia engelskmennene i krigen mot dei danske styrkane. Det kom til mange store slag; det siste og avgjerande stod ved Assandun,The Site of the Battle of Assandun Saffron Walden Historical Journal truleg Ashdon eller Ashingdon i Essex, 18. oktober 1016. Der fekk kong Knut siger, men begge hærstyrkane hadde hatt store tap og vilje til meir krigføring var truleg liten på begge sider. Det heile skal ha enda med at dei to kongane, Edmund og Knut, møttest på øya Alney i Severn og utkjempa ein duellDuellen på Alney: The Chronicle of Henry of Huntingdon, for år 1016 (side 195) (single combat) mann mot mann. Hendinga er truleg ikkje historisk, men derimot er det truverdig når den angelsaksiske krønika opplyser at dei to knytte vennskap og vart einige om ein fredsavtale. England vart då delt i to, slik at Edmund skulle herske over Wessex og Knut skulle ha Mercia og Northumberland. Kong Knut fekk òg heredømet over London, og styrkane hans kunne såleis innta byen, som dei aldri hadde greid i erobre med militærmakt.
Edmund Jernside døydde 30. november 1016,Den angelsaksiske krønika: «he passed away on St. Andrew's Day» (Andreasmesse) truleg drepen av svikaren Eadmund Streona, og etter det vart Knut teken til konge over heile England.King Cnut (Canute) Britroyals.com Den 17. januar 1017 vart det halde kroningseremoni i St. Pauls katedralen i London.
Kong Knut og Olav Haraldsson I norsk sogeskrivingVikingtid og rikssamling : 800-1130 Helle, Bjorli, Oslo : Aschehoug, 1995 ISBN 8203220282, side 138/139Norsk historie. 1 : 750-1537 Tano Aschehoug, 1999 ISBN 8251837391, side 67/68 har ein hevda at Olav Haraldsson hjelpte kong Knut til å vinne England, og at det skulle ha eksistert ein form for avtale eller forståing mellom dei, om at Olav skulle få herredømet over Noreg. Desse teoriane baserer seg på synsing og særs spekulative tolkingar av kjeldene, og må reknast som konstruksjonar for å sannsynleggjere at Olav, helgenkongen, skulle ha hatt legitime grunnar til å verta konge i Noreg. Alle historiske kjelder viser likevel at han var ein eventyrar og vikingkonge som aldri var alliert med kong Knut. Rett nok herja han truleg i England saman med Torkjell Høge i åra mellom 1009 og 1011,Encomium Emmae Reginae, Appendix III, side 77 men i byrjinga av 1014 gjekk i teneste som leigesoldat hos kong Ethelred i England.
Då Knut starta invasjonen i september 1015, var sjølvsagt Olav kjend med at Eirik jarl hadde reist frå Noreg og han bestemte seg for å nytte høvet og erobre landet. Han må ha reist frå England i august 1015 og greidde å ta Håkon Eiriksson jarl til fange i Saudungsundet, stutt tid etter at Eirik jarl var reist frå landet. Deretter greidde han, ved eit lukketreff, å erobre Noreg på ei tid då landevernet var svekt fordi mange av dei djervaste hovdingane var i England for å ta del i kong Knut sin invasjon.
At Olav Haraldsson skulle ha nokon arveleg kongsrett i Noreg, må truleg reknast som ei av dei mange helgenmytene som oppstod etter at han vart kåra til helgen. Det er langt meir truleg at han hausten 1015 invaderte Noreg etter ein avtale med kong Ethelred, og deretter var meint på å gjere eit åtak på Danmark for svekke kong Knut sine invasjonsplanar. At dette var ei reell problemstilling, kan ein lese ut frå beretninga til Adam av Bremen,Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, bok 2, kap.52 (Aschehoug 1993) der han nemner i kap. 52, at kong Knut «såg med uro på muligheita for krig på to frontar».
Dersom noko slikt var planlagt, førte det ikkje fram, då Olav fekk styringa med Noreg først etter påske 1016, etter slaget ved Nesjar. Kong Ethelred i England var då alt avliden og erobringa av England vart fullført litt seinare det året. Men kong Olav gjekk likevel til krig for å erobre Danmark; sjå avsnittet nedanfor om slaget ved Helgeå.
Konsolidering av riket mini|Kong Knut den store (CNVT REX)Detalj av illuminert manuskript Liber Vitae for New Minster, Winchester, truleg laga i kong Knut si levetid.(Stowe Ms 944, folio 6). mini|Runestein U344, Orkestad i Uppland.Sveriges runinskrifter, Upplands runinskrifter Orkestadstenen U344 side 80-86 Innskrifta fortel om Ulv som i England fekk tre gonger (dane)geld: først frå Toste, seinare frå Torkjell og sist frå Knut.
Kong Knut delte riket i fire administrative hovudområde, eller jarledøme, slik at han sjølv hadde det gamle kongeriket Wessex, Torkjell jarl fekk Aust-Anglia, Eadric Streona fekk sitt gamle len Mercia og Eirik jarl fekk Northumbria. Sonen til Eirik jarl, Håkon Eiriksson, kom til England hausten 1015, etter at han vart teken til fange av Olav Haraldsson og deretter forvist frå Noreg. Han fekk seinare ei høg stilling i hirda til kong Knut og er nemnt som jarl i Worcestershire i MerciaGoogle Books A Companion to the Anglo-Norman World, Christopher Harper-Bill, Elisabeth Van Houts (2002), side 8 og 47 (Vest-Midlands).