Kinn er ei øy som ligg vest for Florø i Vestland. Øya Kinn var opphavleg ein del av Kinn kommune, men vart etter kommunesamanslåinga i 1964 innlemma i Flora kommune. Frå 1. januar 2020 er ho igjen ein del av Kinn kommune.

Kinn kyrkje har lange tradisjonar knytte til seg, truleg heilt attende til år 1150. Eit eige spel, Kinnaspelet, er skrive om Kinn og kyrkja der.

Kulturminne på Kinn Kulturminneskilt mini|venstre|Kinn kyrkje mini|Kulturminneskilt på sørsida av Kinn. mini|QR-skilt ved kulturminna på Kinn.I 2014 vart det sett opp kulturminneskilt på Kinn. Det eine skiltet står på kaia, og det andre skiltet står i starten av turløypa på søraustsida av Kinn. Ved kulturminna som ligg langs stien på sørsida av Kinn, er det sett opp små skilt med eigne QR-kodar. Teksten på skilta på kaia er utarbeidd av Flora historielag, medan teksten på skiltet på søraustsida er utarbeidd av Sogn og Fjorande fylkeskommune.Tekstar om Kinn på digitaltfortalt.no

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for øya Kinn 1801Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet 32 91

Kinn prestegjeld Kinn var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet tilsvarte Flora kommune i utstrekking og vart delt i fire sokn; Kinn sokn, Bru sokn, Eikefjord sokn og Nordal sokn. Bremanger prestegjeld vart skilt ut frå Kinn i 1864.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Prestetenesta i Flora er no leia av prosten i Sunnfjord prosti, og ordninga med prestegjeld er utfasa.

Tidlegare Kinn kommune Kinn kommune vart skipa i 1838 og hadde same utstrekninga som Kinn prestegjeld. I 1861 vart Florø, med 846 innbyggjarar, skilt ut frå Kinn kommune som ladestad. Etter delinga budde det 6 531 personar i Kinn kommune. Fem år etter, i 1866, vart Bremanger utskilt frå Kinn som eigen kommune. Etter delinga budde det 1 852 personar i nye Bremanger kommune og 4679 att i Kinn kommune. I 1923 vart kommunen delt i tre og Bru og Eikefjord skipa som eigne kommunar. Eikefjord hadde ved opprettinga 929 innbyggjarar, og Bru hadde 1 560, medan det budde att 2 508 i Kinn kommune. I 1964 vart Bru, Eikefjord, Kinn og Florø slått saman til nye Flora kommune.Jukvam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999. s.53-56

Folketalsutvikling Før delinga av kommunen i 1923 var Kinn den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Ved delinga hadde den gamle kommunen til saman 4997 innbyggjarar.

Folketalsutvikling for tidlegare Kinn kommune frå 1923 til 1964: 1.1.1923«Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå. 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Kinn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 2508 2546 2685 2784 3425 3567

Nye Kinn kommune Ein ny kommune med namnet Kinn kommune blei skipa frå 2020 gjennom samanslåing av Flora og Vågsøy kommune.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Arkiv frå Kinn kommune Fattigstyret . Frå Arkivportalen.no Formannskapet. Frå Arkivportalen.no Skulestyret . Frå Arkivportalen.no Stavøy skule . Frå Arkivportalen.no

Kategori:Øyar i Kinn Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Historie i Kinn Kategori:Busetnader i Kinn Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964