mini|Myndehunden azawakh. mini|Greyhound er ein type mynde. mini|«Rehjagd»Måleri av Paul dei Vos (ca. 1650) Mynde (av norrønt mjór) tyder smal eller smekker, og er eit uttrykk som blir nytta for å skildre ei relativt homogen gruppe med hundar som opphavleg var avla som vakt- og jakthundar, men som no ofte heller er selskapshundar i den vestlege delen av verda. Mange kjenner òg myndane som veddeløpshundar.
Om omgrepet «mynde» mini|høgre|Spreiing av ulike mynderasar
I Noreg og Danmark har vi henta eit uttrykk som stammar frå det norrøne språket vårt til å skildre desse hundane, nemleg mynde som kjem frå det norrøne uttrykket mjór og spelar på den smekre anatomien til desse hundane. Ei liknande skildring finn ein òg i Kina, der slike hundar blir kalla xiquan, som tyder 'tynn hund'.
I engelskspråklege land kallar ein myndane «sighthound» eller «gazehound», omgrep som spelar på synet og eigenskapar til desse hundane som jakthund, eller «greyhound», som kanskje spelar på ein kombinasjon av den smekre kroppsbygnaden og oppfattinga av hundane som særskilt edle. Dei fleste stader er det vanleg å bruka namn som viser til eigenskapane hundane har til å springa, eller på det at dei skal vera edle eller reine. I Sverige seier ein «vinthund», i Tyskland «windhund», og i Nederland «windhond». I Spania heiter dei «galgo», i Ungarn «agár», i Polen «chart», og litt lenger aust «khort», «chortaj» eller «borzoi». Rundt Svartehavet blir dei kalla «tazi», i Midtøsten «saluki» og i Nord-Afrika «salugi» og «sloughi». Skrivemåten kan variere, men tydinga er stort sett den same.
Anatomi og typar
Myndar er anatomisk ganske like, men dei varierer mykje i storleik. Dei har ein muskuløs og straumlinjeforma smal kropp med lange smale muskuløse lemmar, djup brystkasse og opptrekt buk, eit hovud som er langt og smale, med eit langt og small snuteparti med kraftige smale kjevar. Øyrene er hengjande, men kan elles variere mellom rasa. Halen er lang og sabelforma, men kan av og til òg berast i ein krøll. Den lange halen fungerer som styreror i høg fart. Myndane jaktar med synet som sin viktigaste sans, men nyttar òg i nokon grad høyrsels- og luktesans. Dei er bygde for stor fart og har eit kraftig bitt som drep. Blant nokre myndar kan ein framleis sjå meir primitive (forstørra) rovtenner.
I storleik varierer myndane frå den vesle glatthåra italiensk mynden på 4–5 kg, til den gigantiske store ruhåra irsk ulvehunden som kan nærme seg meteren i skulderhøgd. Som type varierer dei mellom dei langstrakte og dei meir kvadratiske. Ein finn dessutan nokre av dei eldste hunderasane i verda blant myndane.
mini|Saluki blir rekna som den eldste mynderasen av type, men ikkje i den forma han framstår i dagens Europa
Greyhound blir av mange rekna som sjølve prototypen på ein mynde, men som type blir saluki rekna som den eldste. Greyhound er ein langstrakt sprintar som kan oppnå ein toppfart på meir enn 70 km/t, men han manglar stamina. Muskulaturen er bulande og eksplosiv. I motsett ende finn ein dei meir kvadratiske typane, som til dømes afghansk mynde og sloughi. Muskulaturen er flat og seig. Desse typane har òg høg toppfart samanlikna med andre hundetypar, men ikkje like høg som greyhound. Derimot har dei meir stamina (uthald) og ofte større manøvreringsevne i fart, noko som gjer dei meir eigna til jakt i varierte terreng.
Opphav og bakgrunn
Moderne DNA-forsking har fastslått at alle hundar stammar frå ulv. Sida 1993 har hunden derfor blitt klassifisert som ein underart (Canis lupus familiaris) til gråulv. Før den tida vart dei gjerne klassifiserte som ein eigen art (Canis familiaris), ref. Carl von Linnés klassifisering frå 1758.
Sjølv om hundar i dag blir sett på som etterkomarar av ulv, meiner framleis somme at myndane må nedstamme frå ein parallell art til gråulven, og med det vere mykje eldre enn hundar flest. Eigenskapar som myndane sine morfologi, hjartevolum, større del raude blodlekamar, reproduksjonsrate og idiosynkratiske framferd kan støtte ein slik teori, men vanskeleg la seg dokumentere. Då er det meir truleg at myndane har utvikla seg til det dei er med mennesket si hjelp.
Myndar finst naturleg i Afrika, Asia og i Europa, men ikkje i Amerika og i Oseania. Stadig fleire trur no at myndane må ha utvikla seg frå såkalla urhundar, òg kalla pariahhundar.
Urmynden Tesem
mini|venstre|Tesem, sjølvaste urmynden, vart avbilda tallause gonger av dei gamle egyptarane
Tesem (Fil:Dog tsm.png hieroglyfar som formar ordet tsm) blir rekna av mange som sjølvaste urmynden. Den første avbildinga ein kjenner av ein hund med ringlet hale stammar frå perioden 3800-3600 før Kristus, i den såkalla førdynastiske tida i Egypt. Tesem blir helst framstilt med ringlet haleføring, men ikkje alltid. I fleire jaktscener er nemleg halen anten strokke ut (som under flukt) eller han heng rett ned. Jakt med hund er tidlegast dokumentert gjennom ei framstilling som stammar frå det 4. tusenåret før vår tidsrekning.
Tesem vart framstilt kunstnerisk ei rekkje gonger i den gamle egyptiske kulturen, og han framstår gjerne som ein ein mynde- eller podencoliknande hund med ekstreme proporsjonar. Han har som regel eit karakteristisk langt og small hovud, utan markert stopp og med høge ståande øyre. Kroppen, som er utstyrt med lange, slanke bein, er myndeliknande, slankt og aristokratisk elegant. Ryggen, som er rett, blir avslutta nesten alltid av ein svært karakteristisk krøllhale, som blir bore over krysset. Det finst likevel òg eksempel på at tesem er teikna med hengande øyre og krøllhale, til dømes i eit relieff på ein stele funne under arkeologiske utgravingar i Koptos.Stela av nADt (Koptos) Ein kan såleis ikkje konkludere med at tesem alltid hadde høge, ståande øyre, slik han gjerne har blitt framstilt her i Vesten.
Tesem har eit anatomisk ytre som unekteleg peikar mot myndar og podencoar, men som av mange òg har blitt tolka som ein krysning mellom hund og sjakal. Kanskje fordi mange har meint at Anubis, egyptarane sin dødsgud, hadde eit hovud som skulle illustrere ein sjakal. Morfologisk sett minner likevel tesem kanskje meir på ein krysning mellom urhunder og myndar.
mini|Tesem (2504-2347 fvt.)
Det finst mange framstillingar av både tesem og andre myndeliknande hundar i den gamle egyptiske kulturen. Ein kan derfor slå fast at hunden må ha vore viktig. At det òg er bilete av hunden i mange av faraoane sine gravkammer, medrekna òg på stel, berre forsterkar dette inntrykket. Det gjer òg det faktumet at hunden anten blir omtalt som tesem (tsm) eller hund (Fil:Dog iw.png iw, som eigentleg tyder «det/dyret som bjeffar»), dersom han ikkje hadde eit eige personleg namn då. Noko det finst ei rekkje eksempel på at hundar hadde i denne kulturen.
I denne kulturen er det få andre hundar å observere frå tidsepoken før det såkalla mellomriket, men i perioden 2025-1700 fvt og framover endrar dette seg ganske drastisk. Då dukkar det oftare og oftare opp framstillingar av hundar med andre øyreformer og annleis haleføring. Alt oftare ser ein òg andre typar hundar, både mindre typar og kraftigare typar. Ein av typane som dukkar opp er små støverliknande hundar med hengjeøyre. Ein annan type er store, kraftige kamphundar.
Ofte ser ein urmynden framstilt i jaktscener, men på mange stader kan ein òg sjå at dei må ha hatt stor rituell tyding. Urmynden ber alltid halsring og går av og til i band så det er klårt at det dreier som om hundar som har eit eigarskap. Det er derfor òg grunn til å tru at denne hunden, i alle fall for somme, må ha vore ein viktig sosial partner. Om han er framstilt saman med andre hundar, blir han gjerne framstilt på ein meir verdig måte enn desse. Anten i form av veremåte, utsmykking eller sjølve plasseringa i framstillinga. Frå ulike inskripsjonar, blant anna frå gravkammer, er det kjent at fødselen av ein myndekvalp (jaktmynde) berre vart overgått av det å få ein son. Myndeliknande hundar vart òg balsamerte og gravlagt saman med eigarane sine, noko vi sjå av dei mange mumifiserte hundane som er funne i egyptiske graver gjennom åra.
Opphavet til myndane
Dei fleste kynologer har peikt ut Orienten og Midtausten som opphavsstad for myndane, men òg denne teorien byggjer på eit sviktande grunnlag og det har i den seinare tida blitt reist tvil om teorien held stikk. Teorien er bygt på arkeologiske funn av skjelett og framstillingar gjort i regionen, dei fleste av myndeliknande hundar frå den gamle egyptiske kulturen. Det finst òg arkeologiske prov for at myndeliknande hundar fanst i Mesopotamia (Irak) og Persia (Iran) for omkring 4000 år sidan, men det attstår å kunne dokumentere at desse hundane oppstå der og vart førte ut i verda gjennom folkevandringane langs silkevegen og andre handelsruter.
Slik det er i dag, veit ein altså ikkje nøyaktig når og kvar verken myndar eller tamhunden som slik oppstod. Nokon har meint at India må ha stått sentralt, med tanke på dei unike funna etter induskulturen, men nye studiar utførte av indiske forskarar har slått fast at dette ikkje kan medføre sanning. Det finst iallfall ingen spor mellom indiske ulvar og tamhundar som kan peike i den retninga.
I dag meiner fleirtalet av forskarar at tamhunden må ha oppstått i dei søraustre delane av Kina, men òg dette attstår det å dokumentere. Ein har likevel funne arkeologiske prov for at det eksisterte domestiserte hundar der i tidleg neolittisk tid (7000–5800 fvt), jamfør utgravingane ved JiahufeltetOm Jiahufeltet i Kina, langs elvebredda av Henan-provinsen. Denne teorien blir støtta blant anna av DNA-studia Peter SavolianenPeter Savolainen er forskar ved Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm utførte.
Dei eldste rasane
Hunderasen saluki har av mange kynologar vore halde for å vere den eldste av alle mynderasane som type, men det må understrekast at det ikkje finst konkrete prov for at hunderasen saluki er like gammal. Moderne forsking har slått fast at han høyrer til våre aller eldste hunderasar.
I moderne tid har kynologene ofte hevda at faraohund er den eldste hunderasen i verda, men forskaren Peter Savolainen har nyleg konkludert med at så ikkje kan vere tilfellet. Likeins har ein klårt å kartleggje at alle greyhoundar i dag nedstammar frå berre ei tispe som fanst i England på 1700-talet, slik at når nokre hevdar denne hunden er 6 000 år så gjeld nok det berre typen.
Podencoer, som alle har ein anatomi som minner om tesem, pariahhundar og myndar, har ofte vore sett på som ein av urmyndens nærmaste nolevande slektningar. Savolainens DNA-studiar viser likevel at desse hundane ikkje så gamle som mange har trudd. I så måte seier han at for eksempel faraohund ikkje kan vere meir enn ca. 150-200 år gammal i si noverande form. Savolianens teoriar og konklusjonar omkring den omfattande studien har møtt skepsis frå ein del forskarar, blant anna fordi det har blitt reist tvil om grunnleggjande utrekningar i samband med mutasjonsfrekvensen (klokka) som blir nytta i studiar av mtDNA.
Den mest opphavlege mynden
mini|venstre|Azawakh i det naturlege miljøet sitt
Sjølv om kynologar og forskarar er einige i at saluki er den eldste av alle myndane som type, er det den relativt nyoppdaga mynderasen azawakh som blir rekna som den mest opphavlege av myndane. Dette heng saman med tuaregane sine strengje avlsprisipp, som påviseleg har gått i arv frå far til son gjennom meir enn 1000 år.
Forskarane meiner at azawakh har endra seg svært lite under dei siste tusen åra, noko som blir understøtta av dei primitive eigenskapane og anatomien til hunden. Rasen har ein katteliknande sjøvstende og ein kan framleis sjå individ med forstørra rovtenner. I det opphavlege habitatet sitt lever desse hundane i ein slags pariahtilvere, i og rundt landsbyane til nomadane i Sør-Sahara og Sahel. Dei ferdast og økslar seg fritt, men tuaregane lèt berre dei beste hannhundane få leve opp, saman med eit fåtal spesielt utvalde avlstisper. Hundar som lever slik blir gjerne kalla ein landrase.