Standardatmosfære (symbol: atm) eller normalatmosfære er ei måleeining for trykk. Det er ikkje ei SI-eining. Den tiande Conférence Générale des Poids et Mesures (Tiande CGPM) godkjende standardatmosfære for generell bruk og definerte han til å vere nøyaktig 1 013 250 dyn per cm2 (101 325 Pa). Denne verdien skal representere det midla lufttrykket i havnivå i Paris, men i praksis representerer han middeltrykket i havnivå for mange av dei av områda på liknande breiddegrad som Paris.
Andre verdiar
Eit trykk på 1 atm kan òg skrivast som:
≡1,01325 bar ≡101325 Pa ≡1013,25 millibar (mbar, eller mb) ≡760 torr ≈1,033 227 452 799 886 kp/cm2 ≈1,033 227 452 799 886 teknisk atmosfære ≈1033,227 452 799 886 cm–H2O, 4 °C
Bruk I kjemi er standardtemperatur og standardtrykk definert som referansetemperaturen 0 °C og trykk på 1013,25 hPa (1 atm).
I dykking brukar ein stundom ordet atmosfære i staden for 1 bar (1000 millibar, eller 1000 hPa).
Eininga teknisk atmosfære (at) er om lag lik overtrykket under 10 meter vatn. 1 at ) 98066,5 Pa (980,665 hPa)
Merknadar
Kategori:Jordatmosfæren Kategori:Kjemiteknikk Kategori:Byggteknikk Kategori:Fysikalsk kjemi Kategori:Standardar Kategori:Termodynamikk Kategori:Miljø