Tørris er frosen karbondioksid. Under normalt lufttrykk og temperatur vil CO2 i fast form sublimere, det vil seie at han går direkte over frå fast form til gass, utan noko flytande mellomstadium. Derav namnet "tørris".
Ved 1 atmosfæres trykk har tørris ein temperatur på -78,5 °C.Tørris i SNL Bruksområde Kjøling Tørris blir brukt til å kjøle ned blant anna matvarer.
Tåke-/røyklegging (spesialeffektar) Når tørris kjem i kontakt med vatn, vert det danna kald karbondioksid i gassform og kald fuktig luft. Dette fører til kondensering og det vert danna damp/røyk/tåke.
Reingjering Tørris vert brukt som blåsemedium ved reingjering av lakkerte metallflater i ein teknikk som minner om sandblåsing. Sidan tørrispartiklane fordampar, vert avfallsproblemet mindre enn ved alternative metodar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tørris» frå , den 24. januar 2010.
Kategori:Kjemiteknikk