«Wish You Were Here» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd, og er tittelsporet på albumet med same namn frå 1975. Musikken er skrive av David Gilmour og Roger Waters, medan Waters skreiv teksten, som referer til Pink Floyd sin tidlegare frontfigur Syd Barrett.
Komposisjon Songen opnar med lyden av nokon som skiftar kanalar på ein radio, og songen glir over frå «Have a Cigar», som sluttar på same vis. Gilmour spelar gitarriffet i introduksjonen på ein akustisk gitar med tolv strengar, og lyden høyrest ut som den kjem ut frå ein gamal transistorradio, før meir fyldigare lyd legg seg oppå. Denne delen av songen vart miksa slik at det høyrdest ut som gitaristen sit i eit rom og spelar i lag med radioen, og ein kan i tillegg høyre eit svakt kvin, som om ein har med radiostøy. Introriffet vert repetert fleire gonger i songen, mellom anna når Gilmour spelar gitarsolo i lag med scatsynginga hans. Mot slutten av songen forsvinn musikken gradvis inn i lyden av vind, før han glir rett over i siste del av «Shine on You Crazy Diamond».
Andre utgåver
«Wish You Were Here» vart gjeve ut på samleplatene A Collection of Great Dance Songs og Echoes.
Konsertutgåver av songen vart gjeve ut på både Delicate Sound of Thunder og P*U*L*S*E, og den siste versjonen vart i tillegg gjeve ut på singel i 1994.
«Wish You Were Here» vart først spelt på konsertar under turnéen i 1977, i lag med resten av albumet. På enkelte av desse konsertane brukte Mason ein verkeleg transistorradio i starten av songen. Deretter vart songen spelt på så godt som alle konsertane av Pink Floyd frå 1987 til 1994. I tillegg vart songen spelt på soloturnéane til Waters og Gilmour, og ein versjon vart gjeve ut på Waters sitt konsertalbum In the Flesh i 1999.
Medverkande David Gilmour – solo- og harmonivokal, scat-synging, 6- og 12-strengs akustisk gitar, pedalsteelgitar, lydbandeffektar Nick Mason – trommer, lydbandeffektar Roger Waters – bass, lydbandeffektar Richard Wright – Steinway piano, Minimoog
Salslister Liste (1995 - konsertversjon) PlasseringUS Billboard Hot Mainstream Rock Tracks13
Liste (2007) Plassering
Liste (2012) Plassering Tyskland (Media Control AG) 67
Coverversjonar Mange artistar har spelt denne songen i etterkant, mellom anna Sparklehorse (i lag med Thom Yorke frå Radiohead), The Flaming Lips, Wyclef Jean, Catherine Wheel and Rasputina.
Songen vart framført under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London av Ed Sheeran i lag med Nick Mason på trommer og Mike Rutherford på gitar.
Fakta Heilt på slutten av songen kan ein så vidt høyre ein fiolin spelt av Stephane Grappelli. Han var i eit anna studio på denne tida, og Gilmour føreslo at dei trengde litt «countryfele» på slutten. Motvillig spelte Grappelli inn ein liten snutt, men til slutt vart svært lite av dette tatt med. Bandet valde derfor å ikkje kredittere han i omslaget. Stemmene og orkestermusikken mellom «Have a Cigar» og «Wish You Were Here» vart tatt tilfeldig frå ein lokal radiostasjon. Musikken inkluderer eit klipp av Tsjajkovskij sin fjerde symfoni, eit radiohøyrespel, og så gitarriffet.
Bakgrunnsstoff Teksten til «Wish You Were Here»
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason Kategori:Songar produserte av Jerry Duplessis Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar om Syd Barrett Kategori:Rockeballadar 324 Kategori:Wyclef Jean-songar