Birmingham er den største byen i den amerikanske delstaten Alabama og hovudsetet for fylket Jefferson County. Delar av byen ligg i fylket Shelby County sør for Jefferson. I følgje folketeljinga i 2010 er det 212 237 innbyggjarar i Birmingham, men med forstader er folketalet 1 170 012. Byen ligg litt nord for sentrum av Alabama.
Birmingham vart grunnlagd som ein industriby i 1871, etter den amerikanske borgarkrigen. Byen blomstra gjennom hundreårsskiftet, noko som gav han klengenamnet «Magic City» (den magiske byen).
Som ein storby i det sterkt rasesegregerte Alabama, var Birmingham prega av rasekampane gjennom 1960-talet. I 1963 vart tre afro-amerikanske jenter drepne av ei bombe, plassert der av Ku Klux Klan, ved ei baptistkyrkje.
Etter kvart har byen fått ein variert økonomi med både industri og tenestenæring. Sjølv om industrien framleis er viktig, er Birmingham òg eit senter for bankar og trykkeri, og det føregår òg viktig medisinsk forsking der. mini
Folk frå Birmingham Julia Tutwiler (1841–1916), forkjempar for fengsels- og utdanningsreform Betty Lou Gerson (1914–1999), skodespelar, voks opp i Birmingham Herman Poole Blount (1914–1993), musikar kjend som Sun Ra Mary Anderson (1918–2014), skodespelar Odetta Holmes (1930–2008), songar kjend som Odetta Sonia Sanchez (f. 1934), forfattar og professor Angela Davis (f. 1944), aktivist og forfattar Emmylou Harris (f. 1947), songar, musikar Condoleezza Rice (f. 1954), utanriksminister, diplomat og professor Kerry James Marshall (f. 1955), kunstmålar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «List of people from Birmingham, Alabama» frå , den 6. juni 2020.
Kategori:Byar i Alabama Kategori:Busetnader grunnlagde i 1871