mini|Livigno i 2007.
Livigno er ein kommune nord i provinsen Sondrio i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har dryge 6 600 ibuarar og omfattar 227,5 km². Landsbyen Livigno ligg 1816 meter over havet i ein dal kringsett av dei over 3 000 moh. høge Livigno-Alpane. Kommunen grensar i sør, vest og aust mot kantonen Graubünden i Sveits.
Livigno er den einaste kommunen i Italia som ligg nord for vasskiljet i Alpane. Føre 1951 hadde Livigno ikkje trafikksamband med omverda i vinterhalvåret.
I dag er Livigno eit samfunn særleg retta mot vinterturisme. Kommunen har tollfridom frå EU.
Vasskraft-dammen Lago di Livigno vart bygt øvst i Livigno-dalen på 1960-talet.
Dei alpine skirennarane Daniela Zini og Giorgio Rocca er frå Livigno.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Livigno» frå , den 19. oktober 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Lombardia