mini|Nobelprisen i økonomi 2008 Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel , som regel kalla Nobelprisen i økonomi, er ein pris som blei innstifta i 1969, til trehundreårsjubiléet åt den svenske Riksbanken. Dette er ikkje eigentleg ein Nobelpris, ettersom han ikkje har noka tilknyting til Alfred Nobel sitt testamente. Arvingane hans har konsekvent avvist all bruk av nemninga «Nobelpris» i samband med denne prisen. Utmerkinga følgjer likevel den same utdelingsprosedyren som dei andre prisane, har liknande premiar og prestisje, og blir av mange rekna som ein litt yngre nobelpris.

Kungliga Vetenskapsakademin, som òg deler ut nobelprisane i kjemi og fysikk, vel ut vinnaren. Ein komité med fem til åtte medlemmer mottek nominasjonar frå rundt hundre levande økonomar. Dei vel ut opptil tre kandidatar som Nobelrådet deretter stemmer over.

Sjølv om han er den mest moderne av nobelprisane, har økonomiprisen òg vore den mest einsretta når det gjeld å velja vinnarar. Langt dei fleste vinnarane er europeisk-ætta menn over 60 år, helst tilsette ved prestisjetunge amerikanske universitet. Så langt er det berre éi kvinne som har fått prisen. Tildelingane er òg blitt kritiserte for å favorisera neoliberal økonomi.

Økonomiprisvinnarar

1969 — Ragnar Frisch, Jan Tinbergen 1970 — Paul Samuelson 1971 — Simon Kuznets 1972 — John Hicks, Kenneth Arrow 1973 — Wassily Leontief 1974 — Gunnar Myrdal, Friedrich von Hayek 1975 — Leonid Kantorovitsj, Tjalling Koopmans 1976 — Milton Friedman 1977 — Bertil Ohlin, James Meade 1978 — Herbert Simon 1979 — Theodore Schultz, Arthur Lewis 1980 — Lawrence Klein 1981 — James Tobin 1982 — George Stigler 1983 — Gerard Debreu 1984 — Richard Stone 1985 — Franco Modigliani 1986 — James Buchanan Jr 1987 — Robert Solow 1988 — Maurice Allais 1989 — Trygve Haavelmo 1990 — Harry Markowitz, Merton Miller, William Sharpe 1991 — Ronald Coase 1992 — Gary Becker 1993 — Robert Fogel, Douglas North 1994 — Reinhard Selten, John Nash Jr, John Harsanyi 1995 — Robert Lucas Jr 1996 — James Mirrlees, William Vickrey 1997 — Robert Carhart Merton, Myron Scholes 1998 — Amartya Sen 1999 — Robert Mundell 2000 — James Heckman, Daniel McFadden 2001 — George A. Akerlof, A. Michael Spence, Joseph E. Stiglitz 2002 — Daniel Kahneman, Vernon L. Smith 2003 — Robert F. Engle, Clive W. J. Granger 2004 — Finn E. Kydland, Edward C. Prescott 2005 — Robert J. Aumann, Thomas C. Schelling 2006 — Edmund Phelps 2007 — Leonid Hurwicz, Eric S. Maskin, Roger Myerson 2008 — Paul Krugman 2009 — Elinor Ostrom, Oliver Williamson 2010 — Peter A. Diamond, Dale T. Mortensen og Christopher A. Pissarides 2011 — Thomas J. Sargent og Christopher A. Sims 2012 — Alvin E. Roth og Lloyd S. ShapleyNobels økonomipris til amerikanere – NRK 15. oktober 2012 2013 — Eugene F. Fama, Lars Peter Hansen og Robert J. ShillerThe Sveriges Riksbank Prize in Economic Sciences in Memory of Alfred Nobel 2013 2014 — Jean TiroleTirole får nobelpris i økonomi, nrk.no 13. oktober 2014 2015 — Angus Deaton 2016 — Oliver Hart og Bengt Holmström 2017 — Richard Thaler 2018 — William Nordhaus og Paul Romer 2019 — Abhijit Banerjee, Esther Duflo og Michael Kremer 2020 — Paul R. Milgrom og Robert B. Wilson 2021 — David Card, Guido W. Imbens og Joshua D. Angrist 2022 — Ben S. Bernanke, Douglas W. Diamond, Philip H. Dybvig 2023 — Claudia Goldin 2024 — Daron Acemoglu, Simon Johnson og James A. Robinson 2025 — Peter Howitt, Philippe Aghion og Joel Mokyr

Referansar

Kategori:Nobelprisen i økonomi Kategori:Prisar og utmerkingar Økonomi Kategori:Økonomi Kategori:Skipingar i 1969