mini|Ein portalvaktar i form av ein okse med venger, halvt menneske og halvt dyr (lamassu), i Nimrud frå mesopotamisk mytologi. Mytologi (av gresk μυθολογία, mythología, i tydinga «ei historieforteljing, ein legendarisk lærdom, å fortelje ei historie») viser til ei mengd folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare universet og menneskeslekta. Mytologi viser også til ei grein av kunnskapen som omhandlar innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi.
Omgrepet mini|Aiskhylos er eit tidleg døme på ein forfattar som har late seg inspirere av mytologi i forfattarskapen sin. Den greske samansetnaden μυθολογία, mythología, «ei historieforteljing, ein legendarisk lærdom» er avleidd frå μυθολογείν, mythologein, «å fortelje mytar», «sjå mytar i samanheng», frå μύθος, mythos, i tydinga «forteljing, tale, ord, fakta, historie» og λόγος, logos, «tale, diskurs, sitat, historie, studie, årsak, argument».
Omgrepet mytologi har vore i bruk sidan 1400-talet og tyder «å forske på, studere, greie ut eller forklare mytar».Mythology hjå Dictionary.com. Tilleggstydinga «ei samling mytar» oppstod på slutten av 1700-talet under opplysingstida. I utvida bruk kan ordet mytologi også vise til kollektivt eller personleg ideologisk eller sosialt konstruert kunnskap.
Mytologiar har gjeve ein fyldig litteratur sidan antikken med Aiskhylos, og har vore til inspirasjon for mellom andre ei rekkje viktige engelske poetar som Percy Bysshe Shelley og John Keats, og ei rekkje moderne forfattarar som William Blake, James Joyce, Franz Kafka, J.R.R. Tolkien og Salman Rushdie har medvite konstruert personlege mytar ved å bruke eldre materiale og nyare symbolisme.
Mytar Mytar i vanleg bruk er ofte synonymt med legender, men ein del forskarar skil skarpt mellom omgrepa. Mytar kan vere fablar som instruerer, årsaksforteljingar og folkelege forteljingar som primært skal vere underhaldande, sjå eventyr. Ikkje alle tradisjonelle forteljingar er mytar. I kontrast til legender eller folkeforteljingar, er mytar forteljingar som involverer det heilage, anten gudar eller nesten-gudar (heltar),Segal 2004. eller ei fjern fortid, spesielt skapinga av verda – sjå til dømes skapingsmytar.
Mytar kan ha av eit eller fleire av desse føremåla, men kan i tillegg spele ei kritisk rolle i høve til korleis ein kultur oppfattar omgrepet tid. I slik forstand står mytar i kontrast til historie som held seg til nyare, dokumenterte hendingar, og til poetiske epos og forteljande legender som handlar om ein historisk person, ein stad eller ei hending frå ei fjern fortid. Generelt er ein myte ei forteljing som har skjedd i ei tenkt, fjern, tidlaus fortid, og som fortel om opphavet til menneska, dyra, verda og det overnaturlege.«Mythology » hjå The Columbia Electronic Encyclopedia (2004). mini|300px|Tradisjonell australsk mytologi fortel at fleire skaparar vandra rundt og skapte jorda slik vi kjenner henne i dag. Då dei var ferdige, vart nokre av dei til landskapsformasjonar. Biletet viser skaparen Damari som har vorte til eit fjell. Kroppen, som ligg på ryggen og ser mot himmelen, er vorten rissa rundt. Aristoteles brukte omgrepet mythos i Poetikken om handlinga, sjølve fabelen, sann eller oppdikta, i dramaet, komedien og tragedien. Mythos er den viktigaste delen av tragedien, den fyrste av seks delar, og må forståast som «sjela til tragedien».Rizzoli, Renato: Representation and Ideology in Jacobean Drama; The Politics of the Coup De Theatre (New York: The Edwin Mellen Press, 1999), s. 6. For tragedien er mimesis (etterlikning), ikkje av menneske, men av handlinga og livet.Baxter, John: The Soul of Tragedy: Some Basic Principles in Aristotle’s Poetics.
I kristen tid hadde den gresk-romerske verda byrja å nytte omgrepet «myte» (gresk μῦθος, muthos) i tydinga «fabel», «fiksjon», «dikting», «løgn», og som eit resultat av desse brukte dei tidlege kristne forfattarane «myte» i denne tydinga.Eliade 1968: Myth and Reality, s. 162. Denne forståinga av omgrepet «myte» har sidan gått inn i dagleg bruk.Eliade 1967: Myths, Dreams and Mysteries, s. 23.
Når mythos og logos vert sett saman til mytologi, er den eine delen ei nemning på ein fase i et tenkjesettet til eit folk, særleg i den greske mytologien, sidan bilete og fantasiverksemd er erkjenninga til folket, medan den andre delen er ei nemning på den fasen då tanken og omgrepa har avløyst det mytiske tenkjesettet. Friedrich Nietzsche meinte at med Sokrates og Platon byrja avmystifiseringa som førte til den tanken at diktinga, «den edle løgna», var eit forstadium for filosofien.Zuckert, Catherine H.: Postmodern Platos: Nietzsche, Heidegger, Gadamer, Strauss, Derrida (University of Chicago Press, 1996), s. 10. Det kom eit skilje mellom mythos på den eine sida og logos og historia på den andre. Logos stod for logikk og analyse, og historia for det som hadde skjedd, medan mythos gjaldt det som ikkje eksisterte. Med kristendommen si tolking vart alt som ikkje stemte overeins med Bibelen sett på som mythos, det vil seie ikkje-eksisterande, falskt og usant. Denne forståinga av myte har ein framleis i språket som ei tilleggstyding.Steinsland 2005, s. 93.
Religion og mytologi mini|Glasmåleri som viser eit bilete frå forteljinga om Noahs ark som ein finn i Fyrste mosebok i Bibelen. Dette er eit døme på ein myte som har vorte ein del av dei tre abrahamittiske religionane. I ein forskingskontekst kan ordet «myte» tyde «heilag forteljing», «tradisjonell forteljing», eller «forteljing om gudane». Difor kan forskarar nytte samanstillinga «religiøs mytologi» utan at det er ei nedvurdering av religion. Til dømes kan ein forskar kalle abrahamittiske skrifter som «mytar» utan at det er meint nedsetjande overfor jødedommen, kristendommen eller islam.
Mange mytar, som til dømes rituelle mytar, har openbert religiøse sider. Religion utan mytar finst knapt.Gilhus, Ingvild & Mikaelsson, Lisbeth: Nytt blikk på religion. Studiet av religion i dag (Oslo, 2001), s. 102: «En faglig forståelse av religioner går ut på at de er myte- og symboltolkende fellesskap – religion uten myter finnes knapt nok.» Mytologi er likevel ikkje synonymt med religion, men forholdet mellom religion og mytologi er avhengig av kva for definisjon av myte ein opererer med. Etter folkeminneforskinga er alle mytar religiøse, eller «heilage», forteljingar, til dømes skapingsmytar, men religiøse forteljingar som ikkje forklarer korleis ting har fått den noverande forma si, til dømes hagiografi av kjende helgenar, er ikkje mytar. Dei fleste definisjonane av mytar avgrensast til forteljingar.Segal 2004, s. 5. Sjå også Buxton, Richard: The Complete World of Greek Mythology (London: Thames & Hudson, 2004), s. 18: «Det er tre element i [min] definisjon [av mytologi]. Det minst problematiske er førestillinga om ei forteljing: ein ‘myte’ er ei forteljing, ei gruppe hendingar som er strukturerte til ein sekvens.» Såleis er dei ikkje-forteljande elementa av religion, som ritual og teologi, ikkje mytar eller mytologi.
For religionshistorikarar er fokuset på mytologi i den heilage forteljinga, der uttrykksforma er symbola og metaforane som gjev eller gav samanheng i tilværet. Ein meiner ikkje sann i bokstavleg forstand, men i eksistensiell og religiøs forstand, særleg skapingsmytane som vert delte inn i tre grupper: kosmogoni – mytane om korleis verda vart til teogoni – mytane om korleis gudane vart til antropogoni – mytane om korleis menneska vart tilSteinsland 2005, s. 92.
Om mytar i brei forstand vert definerte berre som «heilage forteljingar», er det ei feilaktig avgrensing, ettersom ikkje alle mytar nødvendigvis er religiøse. Som klassisisten Geoffrey Kirk har peika på, «mange mytar lekamleggjer ei tru på det overnaturlege […], men mange andre mytar, eller det som synest som mytar, gjer det ikkje».Kirk 1973, s. 11. Som døme siterer Kirk myten om Ødipus, som berre er «overnaturleg assosiert […] med religion eller det overnaturlege» og difor ikkje er ei heilag forteljing.
Døme på religiøse mytar er: Balders død (norrønt dauði Baldrs), som er mellom dei mest kjende mytane i norrøn mytologi. ein australsk myte som skildrar det fyrste heilage bora-ritualet.Reed 1982, s. 33–36 ein skapingsmyte som vart funnen i gnostisismen om korleis Gud gløymde seg sjølv og vart ein mann.Tessler, Neil: Sophia's Passion: Sant Mat and the Gnostic Myth of Creation, eller Did Jesus Become God in A. D. 325? den mesopotamiske myten Enuma Elish, ei skapingsforteljing som den babylonske nyttårsfestivalen krinsa rundt.Eliade 1957, s. 77.
Mytologi og ideologi mini|Kong Arthur og riddarane av det runde bordet. Mytar er ikkje det same som fablar, legender, eventyr, folkelege forteljingar, anekdotar eller fiksjon, men konsepta kan vere overlappande. I løpet av romantikken vart folkelege forteljingar og eventyr sett på som opphavlege mytar med klangbotn i religion og psykologi, ei form for ein underforstått skjult folkeleg kunnskap som ein kunne avdekkje, mest kjent i arbeidet til Grimm-brørne, men også i innsamlingsarbeidet til Asbjørnsen og Moe i Noreg. Mytologiske tema er også ofte medvite nytta i skjønnlitteratur, mellom anna allereie hjå Homer. Det resulterande verket kan uttrykkjeleg vise til ein mytologisk bakgrunn utan sjølv å vere ein del av corpus (mengde) av mytar, til dømes i forteljinga om Cupid og Psyche som fyrst opptredde som digresjonsforteljing i Lucius Apuleius-romanen Det gyldne esel på 200-talet e.Kr. Apuleius brukte truleg ei tidlegare forteljing (som er ukjend for oss) som grunnlag for si forteljing, og modifiserte henne for at ho skulle passe til dei tekniske behova til romanen.
Romansane frå mellomalderen spelar i enkelte stykke på denne prosessen med å gjere mytologi om til litteratur. Evhemerisme viser til denne prosessen med å rasjonalisere mytar, plassere tema med mytologiske kvalitetar inn pragmatiske kontekstar, for til dømes å følgje kulturelle eller religiøse paradigmeskifte. Mest kjend er kanskje nytolkinga av heidensk mytologi i skiftet mot kristendommen.
Omvendt kan historisk og litterært materiale få mytologiske kvalitetar over tid, som til dømes «dei britiske emna» – ei samlenemning for keltiske historiske legender om Storbritannia som særleg fokuserte på kong Arthur og riddarane av det runde bordet – som var baserte på historiske hendingar på høvesvis 400-talet og 700-talet, og fyrst vart gjorde om til episk poesi, for deretter å verte delvis mytologiske i dei påfølgjande hundreåra.
Framleis er ein oppteken av å sjå på mytar som ein inngang til ideologien i kulturen. Forholda mellom kjønna kan vere modellert i skapingsmytane i ein kultur, og innehelder ofte ei over- og underordning mellom kjønna som ikkje samsvarar med den moderne tanken om likestilling mellom kjønna. Når Det gamle testamentet fortel at Adam vart skapt før Eva, og dermed vart gjeven guddommeleg autoritet over henne, fekk det konsekvensar for synet på forholdet mellom kjønna i den kristne kulturen. Ifølgje norrøne Voluspå vart Ask og Embla skapte samtidig, og denne prosessen vart ikkje etterfølgd av eit syndefall, noko som viser eit anna syn på kjønna sin posisjon i samfunnet.Steinsland 2005, s. 93–94..
Karakteristikkar mini|center|Verdstreet Yggdrasil er sentralt i norrøn mytologi. Bilete frå 1847
Mytologien til nokre ulike kulturar
Australsk mytologi Aztekisk mytologi Brasiliansk mytologi Egyptisk mytologi Etruskisk mytologi Finsk mytologi Gresk mytologi Inkamytologi Indisk mytologi Inuitisk mytologi Jødisk mytologi Keltisk mytologi Kinesisk mytologi Koreansk mytologi Kristen mytologi Mesopotamisk mytologi Norrøn mytologi Oseanisk mytologi Persisk mytologi Romersk mytologi Slavisk mytologi