Prachatice okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg sørvest i regionen og grenser i nordvest mot Plzeň kraj, i sørvest mot Tyskland og med ei kort grense mot Austerrike i sør.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Prachatice okres:
Prachatice SO Vimperk SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Prachatice SO 33 651 32 764 32 413 Vimperk SO 17 736 17 264 16 966 Prachatice okres 51 387 50 028 49 379
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Prachatice 10 440 Vimperk 7 185 Volary 3 652 Netolice 2 521 Vlachovo Březí 1 708 Husinec 1 353
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Prachatice Prachatice