České Budějovice okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg sør i regionen og grenser i sør mot Austerrike.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i České Budějovice okres:
České Budějovice SO Trhové Sviny SO Týn nad Vltavou SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 České Budějovice SO 147 795 154 588 164 450 Trhové Sviny SO 17 119 18 250 18 925 Týn nad Vltavou SO 13 592 13 624 13 522 České Budějovice okres 178 506 186 462 196 897
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 České Budějovice 95 664 Týn nad Vltavou 7 602 Hluboká nad Vltavou 5 310 Trhové Sviny 5 137 Lišov 4 513 Borovany 4 040 Zliv 3 410 Rudolfov 2 489 Nové Hrady 2 442
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Distrikt i Tsjekkia Ceske Budejovice