Skipingsprotokollen til LO er ein handskriven protokoll frå forhandlingane som førte fram til skipinga av Landsorganisasjonen i Noreg i 1899. I 2012 vart protokollen innlemma i Noregs dokumentarv, som er den norske utgåva av Verdsminne-programmet til UNESCO (Memory of the World). Protokollen er eigd av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark). Protokollen er ei bok på 70 blad. På tittelbladet står det: «Forhandlingsprotokol. Det konstituerende møde i anl. den paatenkte landsorganisation i Norge 30te mars 1899 m. fl. dage». Med unntak av to sider, der eit trykt framlegg til lover er limt inn, er heile protokollen skriven for hand.

Arbark skriv om protokollen at han «er en reell og symbolsk markør for hele arbeiderbevegelsen i Norge og viser dagsorden i det møtet hvor arbeiderrepresentanter i 1899 trådte sammen for å danne en faglig landsorganisasjon i Norge.» I nominasjonen heiter det at «LOs stiftelsesprotokoll er symbolsk viktig som dokumentasjon for dannelsen av den eldste, største og viktigste arbeidstakerorganisasjonen i Norge.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «LOs stiftelsesprotokoll 1899» frå , den 2. september 2026.

Bakgrunnsstoff Stiftelsesprotokollen, avfotografert. arbark.no (PDF)

Kategori:Noregs dokumentarv Kategori:LO Kategori:1899 i Noreg