Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980–81 er eit konsertalbum av Pink Floyd gjeve ut i 2000, men er innspelingar av konsertar frå The Wall-turnén i 1980-1981. Songane som vart brukt på albumet er plukka frå heile turnéen, men mesteparten er henta frå Earls Court i London.

Konserten involverte bygginga av ein mur på langs av scenen gjennom første halvdel av konserten. Under andre halvdel framførte bandet songane gjennom små opningar i muren, på toppen av muren, føre muren og til og med bak muren. Plateomslaget hadde bilete av masker som var svært lik dei fire medlemmane av Pink Floyd på den tida. Desse maskene var det «Surrogatbandet» som hadde på seg under songen «In the Flesh».

Is There Anybody Out There? inneheld heile albumet The Wall i tillegg til to songar, «What Shall We Do Now?» og «The Last Few Bricks». «What Shall We Do Now?» skulle opphavleg med på det originale albumet, men vart fjerna på grunn av plassmangel. «The Last Few Bricks» var derimot ein instrumental overgang mellom «Another Brick in the Wall (Part III)» og «Goodbye Cruel World» og inneheldt tema frå «The Happiest Days of Our Lives», «Don’t Leave Me Now», «Young Lust» og «Empty Spaces»/«What Shall We Do Now?», og vart spelt slik at scenearbeidarane fekk tid til å legge på plass resten av brikkene. Berre ei brikke var igjen, og gjennom det siste holet song Roger Waters «Goodbye Cruel World» før siste del av showet var ferdig og holet vart tetta. Før konsertalbumet kom ut hadde ikkje denne instrumentalen noko tittel, og fansen kalla han «Almost Gone», men under miksinga av konsertalbumet føreslo produsent James Guthrie tittelen for Roger Waters. Det var òg to talespor på albumet med tittel: «MC: Atmos» eller «Master of Ceremonies», ein heilt i starten før «In the Flesh?», og ein før reprisen av «In the Flesh». Desse vart framført av Gary Yudman, som var seremonimester på Earls Court-konsertane i 1980 og 1981.

Albumet fekk litt kritikk då det kom, og enkelte kritikarar meinte albumet var for stivt strukturert til å vere eit konsertalbum, og berre var ein dårlegare utgåve av studioversjonen, medan andre meinte det var ein glimrande presentasjon av korleis konsertane var, og ein glimrande innspeling og produksjon. Det er nokre små forskjellar mellom konsert- og studioversjonane av songane. Stort sett inneber dette at versjonane på konsertalbumet har lengre introar og lengre gitarsoloar.

Albumet nådde 19. plass på Billboardlista og selde raskt over 1 million eksemplar. Det vart det første (og einaste) Pink Floyd-albumet som ikkje vart gjeve ut på vinyl.

Innhald

Medverkande Pink Floyd David Gilmour – elektrisk og akustisk gitar, vokal, mandolin på «Outside the Wall», musikalsk leiar Roger Waters – vokal, bassgitar, akustisk gitar, klarinett på «Outside the Wall» Nick Mason – trommer, perkusjon, akustisk gitar på «Outside the Wall» Richard Wright – piano, orgel, synthesizer, trekkspel på «Outside the Wall» (på denne tida var han ikkje offisielt medlem, berre innleigd musikar)

Andre medverkande Andy Bown – bassgitar, akustisk gitar på «Outside the Wall» Joe Chemay – korvokal Stan Farber – korvokal Jim Haas – korvokal Jon Joyce – korvokal Snowy White – gitar (1980) Andy Roberts – gitar (1981) Willie Wilson – trommer, perkusjon Clive Brooks – trommer, perkusjon (14. juni 1981) Peter Wood – klaverinstrument, akustisk gitar på «Outside the Wall» Gary Yudman – MC

Salslister og salstrofé

Salslister Album Liste (2000)Plassering

Singlar ÅrSingelListePlassering2000«Young Lust»Mainstream Rock Tracks15

Salstrofé

Kjelder

Kategori:Album produserte av James Guthrie Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Konsertalbum av Pink Floyd Kategori:Konsertalbum frå 2000 Kategori:Columbia Records-album Kategori:EMI Records-album