The Wall er det 11. studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 30. november 1979 på Harvest og Columbia Records. Det er ein rockeopera og utforskar soga om Pink, ei utsliten rockestjerne som etter kvart isolerer seg sjølv frå samfunnet bak ein symbolsk mur. Plata vart ein stor suksess og låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista og nådde tredjeplassen i Storbritannia. I 1982 vart det laga ei filmutgåve av soga med same namn, regissert av Alan Parker.
Ideen til The Wall fekk bassisten Roger Waters i 1977 under In The Flesh-turneen, og baserte soga på seg sjølv og den tidlegare bandkollegaen Syd Barrett. Innspelinga fann stad frå desember 1978 til november 1979. Produsenten Bob Ezrin hjelpte til på prosjektet og var med å dempe spenningane under innspelingane, då bandet sleit med personlege og økonomiske problem. The Wall er det siste albumet med Pink Floyd som ein kvartett. Klaverspelaren Richard Wright fekk sparken av Waters under produksjonen, men vart verande som betalt musikar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «Another Brick in the Wall, Part 2» (den einaste førsteplassen deira i USA), «Run Like Hell» og «Comfortably Numb». Frå 1980 til 1981 framførte Pink Floyd heile albumet under ein turné som bestod av avanserte, teatralske effektar.
The Wall fekk i starten blanda kritikk hos kritikarane og somme av dei meinte det var oppblåst og pretensiøst. Det er sidan blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene, og eit av dei mest kjende konseptalbuma. Det har selt meir enn 24 millionar eksemplar og er det nest mest selde i katalogen deira, og eit av dei mestselde albuma gjennom tidene. Somme unytta opptak frå innspelingane dukka seinare opp på det neste albumet deira, The Final Cut (1983). I 2003 rangerte Rolling Stone The Wall på 87. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Tidleg i 2010-åra drog Waters på ein ny Wall-turné som vart den mest innbringande turneen til ein soloartist.
Bakgrunn In the Flesh-turneen var den første dei spelte på store stadion. Bassisten og låtskrivaren Roger Waters fortalte: «Eg mislikte det intenst, fordi det vart ei sosial hending i staden for eit meir kontrollert og vanleg forhold mellom musikarar og eit publikum ... Dei første seksti radene verka å skrike og rope og høyrde ikkje eigentleg etter. Og dei som stod lenger bak kunne ikkje sjå ein drit uansett.»Turner, Steve: «Roger Waters: The Wall in Berlin»; Radio Times, 25. mai 1990; reprinted in Classic Rock #148, august 2010 s.76 Somme i publikum sette fyr på kinaputtar, noko som fekk Waters til å stoppe å spele og skjelle dei ut. I juli 1977, under den siste konserten på Montreal Olympic Stadium, skal ei gruppe støyande og opphissa fans nær scenen ha irritert Waters så mykje at han spytta på ein av dei. Gitaristen David Gilmour nekta å kome attende for å spele ekstranummer og sette seg ned ved miksepulten,Schaffner, p 329 og bandet, i lag med andregitaristen Snowy White, improviserte ein langsam, trist 12-taktsblues, som Waters skildra som «noko musikk å dra heim til».Schaffner, pp 219–220 Same kvelden snakka Waters med produsenten Bob Ezrin og psykiatervenen til Ezrin om kor framandgjerande han syns hendinga var. Han fortalte at han ønskte å isolere seg sjølv ved å byggje ein mur over scenen mellom bandet og publikum. Han sa «Eg sa heile tida til folk på den turneen, 'eg synest eigentleg ikkje noko om dette... det er noko som er heilt feil her.'»
Då Gilmour og Wright var i Frankrike for å spele inn soloalbuma sine, og trommeslagaren Nick Mason var oppteken med å produsere Steve Hillage-albumet Green, byrja Waters å skrive songar. Spyttehendinga vart utgangspunktet for eit nytt konsept, der ein følgjer hovudpersonen som isolerer seg sjølv etter år med traumatiske møte med autoritære personar og tapet av faren som barn. The Wall studerte det psykologiske skiljet mellom artisten og publikum ved å bruke ein fysisk struktur som ein metaforisk reiskap.
I juli 1978 møtte Pink Floyd opp i Britannia Row Studios, der Waters la fram to nye idear for konseptalbum. Det første var ein nitti minuttar lang demo kalla Bricks in the Wall. Den andre var om ein mann som i løpet av ei natt drøymer og handlar om ekteskap, sex og fordelane og bakdelane ved monogami og familieliv kontra promiskuitet. Bandet valde det første. Det andre forslaget vart sidan det første soloalbumet til Waters, The Pros and Cons of Hitch Hiking.
Innan september hadde Pink Floyd hamna i pengetrøbbel og måtte skape eit nytt album for å tene pengar. Økonomiplanleggjarane Norton Warburg Group (NWG) hadde investert 1,3 til 3,3 millionar pund av pengane til gruppa i risikokapital for å redusere skattegjelda deira. Strategien feila då mange av føretaka som NWG investerte i tapte pengar, og bandet stod med skattekrav som kunne nå så høgt som 83 %. «Me laga Dark Side og det såg ut til at me hadde fått det til,» sa Waters. «Så hadde dei jævlane brått stole alt saman. Det såg ut til at me måtte betale store skattesummar av pengane som var gått tapt. 83 % var mykje pengar på den tida og så mykje hadde me ikkje.» Pink Floyd avslutta samarbeidet med NWG og kravde at resten av pengane vart sende attende. «Eg vart tvungen til å bli tett involvert i forretningssida,» sa Gilmour, «fordi det var ingen kring oss som var dugande nok eller ærlege nok til å takle det, og eg såg med Norton Warburg at det ubønnhørleg gjekk mot helvete. Dei var ikkje dei første kjeltringane me var dumme nok til å alliere oss med. Sidan den gong er det ikkje eit øre eg ikkje sjølv har signert for. Eg signerer kvar sjekk og undersøkjer alt.»
For å halde styr på dei 26 spora på prosjektet valde Waters å hente inn ein produsent og samarbeidspartnar, og følte han trengde «ein samarbeidspartnar som var musikalsk og intellektuelt på same stad som eg var.» Den dåverande kjærasten til Waters Lady Carolyne Christie, som hadde arbeid som sekretær for produsenten og musikaren Bob Ezrin, føreslo han for bandet. Ezrin hadde arbeidd med Alice Cooper, Lou Reed, Kiss og Peter Gabriel. Frå starten gjorde Waters det klart kven som var sjefen og sa til han: «Du kan skrive kva du vil. Berre ikkje forvent å bli kreditert for det.»
Ezrin og Gilmour gjekk over konseptet til Waters, og fjerna det dei meinte ikkje var bra nok. Waters og Ezrin arbeidde hovudsakleg på soga, og forbetra konseptet. Dei presenterte eit 40 siders manus for resten av bandet, som svara positivt: «Dagen etter i studio hadde med ei opplesing kring bordet, slik ein gjer med eit skodespel, men med heile bandet, og augo deira glitra, fordi dei kunne sjå albumet.» sa Waters. Ezrin utvida soga og distanserte ho frå den sjølvbiografiske soga Waters hadde skrive og baserte ho i staden på ein samansett karakter kalla Pink. Lydteknikaren Nick Griffiths sa seinare: «Ezrin var særs god på The Wall, fordi han klarte å dra heile greia saman. Han var ein særs sterk kar. Det var mangel kranglar om korleis det skulle høyrast ut mellom Roger og Dave, men han klarte å fylle gapet mellom dei.» Waters skreiv det meste albumet, medan Gilmour var medlåtskrivar på «Comfortably Numb», «Run Like Hell» og «Young Lust», og Ezrin var medlåtskrivar på «The Trial».
Konsept og soge
The Wall er ein rockeopera; ; som utforskar det å bli forlaten og einsam i isolasjon, symbolisert av ein mur. Songane skapar ei omtrentleg soge som følgjer livet til hovudpersonen, Pink (som vert introdusert i songane «In the Flesh?» og «The Thin Ice»), ein karakter basert på Syd Barrett og Roger Waters, som mista faren i andre verdskrigen. Faren til Pink døyr òg i ein krig («Another Brick in the Wall (Part 1)»), som er første gongen Pink byrjar å byggje ein metaforisk mur kring seg sjølv. Pink vert trykt ned av ei oververnande mor («Mother») og plaga av tyranniske, mishandlande lærarar («The Happiest Days of Our Lives»). Alle desse trauma vert metaforiske «mursteinar i muren» («Another Brick in the Wall (Part 2)»). Hovudpersonen vert til slutt ei rockestjerne, men forholda hans er plaga med utruskap, dopmisbruk og valdsutbrot. Han er etter kort tid gift og nesten ferdig med «muren» sin («Empty Spaces»). Medan han er på turné i Amerika tar han med heim ein groupie etter å ha fått vite at kona er utru. Han grublar over det mislukka ekteskapet og knuser rommet sitt og skremmer jenta bort under eit raserianfall («One of My Turns»). Medan ekteskapet smuldrar bort («Don't Leave Me Now»), avviser han alle han har kjend som «berre mursteinar i muren» («Another Brick in the Wall (Part 3)») og har fullført muren sin («Goodbye Cruel World»), og heilt isolert seg frå omverda.
Gøymd bak muren sin vert Pink alvorleg deprimert («Hey You») og byrjar å miste all tru («Vera»). For å få han til å spele gjev lækjaren han medisinar («Comfortably Numb»). Dette fører til ein hallusinerande episode på scenen der han trur han er blitt ein fascistisk diktator som spelar på konsertar som liknar dei nynazistane hadde («The Show Must Go On»), og han sender brunskjorter-liknande menn mot fansen som han meiner er uverdige («In the Flesh»). Då han med skrekk forstår kva han har gjort («Waiting for the Worms»), vert Pink overvelda og ønskjer at alt kring han skal stoppe («Stop»). Han syner menneskelege kjensler og plaga av skuld set han seg sjølv for retten («The Trial»), der ein indre dommar dømmer han til å «rive ned muren», og Pink opnar seg for verda utafor («Outside the Wall»). Albumet dannar ein sirkel då dei siste orda på albumet «Isn't this where ...» som i lag med melodien glir rett over i dei første orda og tonane på albumet, «... we came in?», «er ikkje det her vi kom inn?». Dette hintar om at temaet til Waters er noko som gjentek seg.
Albumet inneheld fleire referansar til det tidlegare bandmedlemmet Syd Barrett, inkludert «Nobody Home», som hintar om tilhøvet hans under den avkorta amerikanske turneen til Pink Floyd i 1967, med tekstlinjer som «wild, staring eyes», «the obligatory Hendrix perm» og «elastic bands keeping my shoes on». «Comfortably Numb» var inspirert av Waters som fekk ei sprøyte med avslappande middel for å unngå effektane av hepatitt under In the Flesh-turneen, då dei var i Philadelphia.
Produksjon Innspeling Albumet vart spelt inn fleire stader. Super Bear Studios i Frankrike vart nytta frå januar til juli 1979, då Waters song inn vokalen sin i eit nærliggande studio, Studio Miraval. Michael Kamen tok seg av orkesterarrangementa i CBS Studios i New York, i september, og The Wall vart eit av dei tre første studioalbuma til Pink Floyd han bidrog til (dei andre var The Final Cut og The Division Bell). Dei neste to månadane brukte bandet Cherokee Studios, Producers Workshop og The Village Recorder i Los Angeles. Det var planlagt å arbeide med Beach Boys i Sundance Productions studio i Los Angeles men dette vart avlyst.