Brødfrukttre (Artocarpus altilis) er ein treart i morbærfamilien (Moraceae). Frukta er kjend som brødfrukt fordi ei moderat mogen frukt som blir kokt har ein tekstur som liknar nybaka brød og har ein potetaktig smak.
Brødfrukttre blei spreidd i Oseania gjennom den austronesiske ekspansjonen og det blei truleg selektivt dyrka fram i Polynesia frå brødnøtt (Artocarpus camansi). Britiske og franske navigatørar introduserte nokre polynesiske variantar utan frø til karibiske øyar på slutten av 1800-talet. I dag blir det dyrka i fleire tropiske regionar i Sør- og Søraust-Asia, øyar i Stillehavet og Karibiahavet, låglandet i Mellom-Amerika, nordlege Sør-Amerika og Afrika.
I tillegg til frukta si rolle som basismat i mange kulturar, har det lette, sterke trevirket av brødfrukttre blitt brukt til å lage møblar, hus og surfebrett.
mini|venstre|Brødfrukttre på Tahiti.
Brødfrukttre er nært i slekt med A. camansi frå Ny-Guinea, Molukkane og Filippinane, A. blancoi (tipolo eller antipolo) frå Filippinane og litt fjernare i slekt med A. mariannensis (dugdug) frå Mikronesia. Alle desse slektningane blir av og til òg omtalte som «brødfrukt». Arten er òg nært i slekt med jackfrukt.
Ordsoge Omgrepet «brødfrukt» blei fyrst nytta på 1600-talet for å skildra den brødliknende teksturen til frukta når ho blir baka. Det finst hundrevis av sortar av brødfrukt, og mange ulike lokale namn. Nokre døme er ʻulu på hawaiisk, kuru på maori, mā på marshallesisk, unu på motu, uru på tahitisk og kulu på tetum.
Skildring mini|Brødfruktblad. mini|venstre|Brødfruktblomar. Brødfrukttre kan bli 26 meter høge. Dei store og tjukke blada deira har djupskorne flikar. Alle delane av treet gjev frå seg lateks, som er nyttig for kalfatring.
Arten er sambu, med hann- og hoblomar på det same treet. Hannblomane kjem fyrst, før hoblomane blømer kort tid etter. Pollinering blir hovudsakleg utført av flygehundar, men dyrka varietetar dannar frukt utan pollinering. Den falske frukta utviklar seg frå den oppblåsne perianten, og er sett saman av 1500 til 2000 blomar som ein kan sjå på fruktskinnet som heksagonale diskar. Frukta er eggforma med ei ru overflate, og kvar frukt er delt opp i mange akenar. Kvar av dei er omringa av ein kjøtfull periant og sit på ein tjukk blomebotn.
Brødfrukttre er ein av dei mest produktive matplantane. Eit enkelt tre kan ha opptil 200 grapefrukt-store frukter eller meir i løpet av ein sesong, og krev lite omsorg. I Sør-Stillehavet ber trea 50 til 150 frukter per år, vanlegvis rund, ovale eller avlange, som veg 0,25 til 6,0 kg. Produktiviteten varierer mellom våte og tørre område. Studiar frå Barbados tyder på eit rimeleg potensial på . Dei fleste selektivt framavla kultivarar har frukt utan frø. Variantar som har frø blir hovudsakleg dyrka for å hausta etande frø. Brødfrukt blir vanlegvis formeira ved hjelp av rotstiklingar.
Brødfrukttre er nært i slekt med A. camansi. Det liknar også på slektningen i same slekt, jackfrukt (Artocarpus heterophyllus), på utsjånad. Artocarpus camansi kan skiljast frå A. altilis ved at dei har meir tornete frukter med talrike frø. Artocarpus mariannensis kan skiljast ved dei mørkegrøne, avlange fruktene med mørkare gult kjøt, i tillegg til dei heile eller lettflika blada sine.
Formeiring mini|Transplanting of the bread-fruit trees from Otaheite (1796) av Thomas Gosse. Brødfrukt blir for mykje spreidde av frø, men brødfrukt utan frø kan spreiast ved at ein transplantera rotskot som veks ut frå overflaterøtene til treet. Røtene kan skadast med vilje for å få meir vekst av rotskot, som deretter blir skilde frå røtene og planta i ei potte eller direkte i bakken. Beskjering av treet fører òg til vekst av rotskot. Stiklingane blir gjerne plasserte i plastposar som inneheld ei blanding av jord, torv og sand, og sette i skuggen der dei blir fukta med flytande gjødsel. Når røtene er utvikla, blir den nye planten sett i fullt sollys fram til det er tid for å planta han i frukthagen.
For storskalafiormeiring føretrekk ein å nytta rotskot, med bruk av segment som er kring 10 cm tjukke og 20 cm lange. Utviklinga av røter kan ta opptil 5 månader, og dei unge trea er klare for planting når dei er kring 60 cm høge.
Taksonomi Ifølgje genetiske fingeravtrykk-studiar er den ville opphavsarten til brlødfrukt brødnøtt (A. camansi), som stammar frå Ny-Guinea, Molukkane og Filippinane.
A. camansi blei domestisert og selektivt avla i Polinesia, og det gav opphav til den nesten frølause A. altilis . Mikronesisk brødfrukt viser òg bevis på hybridisering med den innfødde A. mariannensis, medan dei fleste polynesiske og melanesiske kultivarar ikkje gjer det. Dette tyder på at Mikronesia i fyrste omgang særleg blei kolonisert frå Polynesia og Melanesia gjennom to ulike migrasjonshendingar, som seinare fall saman i austlege Mikronesia.
Brødfrukt var ein av «kanoplantane» som blei spreidde av austronesiske reisande for rundt 3000 år sidan til Mikronesia, Melanesia og Polynesia der det ikkje fanst allereie.
Utbreiing og habitat mini|Omfanget av den austronesiske ekspansjonen som førte med seg nytteplantar som brødfrukt, bananar og kokosnøtt til dei mange øyane i India- og Stillehavet. Brødfrukttre er ein ekvatorial låglandsart. Han er blitt spreidd frå opphavsstaden sin i Stillehavet til mange tropiske område.
I 1769 var planteforskaren Joseph Banks stasjonert på Tahiti som del av «Endeavour»-ekspedisjonen under leiing av kaptein James Cook. På denne tida var britane på leit etter billeg mat med høgt næringsinnhald slavar i koloniane sine, og dette førte til at koloniadministrasjonen og plantasjoneigarar kravde at brødfrukt skulle førast til Karibia. Som president for Royal Society gav Banks ein pengepremie og ein gullmedalje for å lukkast med dette arbeidet, og arbeidde med suksess for å få ein britisk marinekspedisjon til å gjera dette. Etter ei mislukka reise til Sør-Stillehavet for å sanka inn plantane som kommandør for HMS «Bounty», blei William Bligh i 1791 kommandør for ein ny ekspedisjon med «Providence» og «Assistant», som samla saman brødfruktplantar utan frø på Tahiti og frakta dei til St. Helena i Atlanterhavet og St. Vincent og Jamaica i Karibia.
Planten veks best på høgdenivå under , men kan finnast på høgder på opptil 1550 meter. Det føretrekte jordsmonnet er alkalint til nøytralt (pH 6,1-7,4) og anten sand, sandete leirjord eller leirjord. Brødfrukttre kan veksa i korallsand og i salt jord. Brødfrukt er ein ultra-tropisk art som krev eit temperaturområde på 16-38 °C og ei årleg nedbørsmengd på 2000-2500 mm.
Næringsinnhald mini|Heil og oppskoren brødfrukt. Brødfrukt er 71 % vatn, 27 % karbohydrat og 1 % protein, og har ubetydeleg feittinnhald. I ein referensemengd på 100 g gjev rå brødfrukt 103 kaloriar, er ei rik kjelde til C-vitamin (32 % av Reference Daily Intake, RDI), og er ei moderat kjelde for kalium (16% RDI), utan betydelege mengder av andre næringsstoff.
Bruk mini|Oppskoren og steikt brødfrukt i Tanzania.
Mat Brødfrult er basismat i mange tropiske regionar. Dei fleste brødfruktvariantene ber frukt heile året. Både mogen og umogen frukt kan brukast til mat; umogen brødfrukt blir kokt før ein et henne. Før ein et dei blir fruktene rista, bakt, steikt eller kokt. Når dei er kokte blir smaken av middels mogna brødfrukt skildra som potet-liknande, eller lik fersk bakt brød.
Eitt brødfrukttre kan gje kvar sessong. Ettersom trea vanlegvis gjev store avlingar i visse delar av året, er det nødvendig å lagra hausta frukt. Ein tradisjonell konserveringsteknikk som er kjend i heile Oseania er å grava ned skrella og vaska frukt i ei grop fora med blad, der frukta fermenter i fleire veker og danna ein sur, klissete pasta (kjend som masi på Samoa og Tonga, på Tahiti og mā på Karolinane). Frukt som er lagra på denne måten kan halda seg i eit år eller meir. Nokre groper skal ha hatt etande innhald meir enn 20 år etter at dei blei laga. Det er funne spor etter grop-aktige konstruksjonar med steinar spreidde rundt (som kan ha vore steinar langs kantane) som ofte kan syna til førhistorisk busetnad for arkeologar som studerer historie i Fransk Polynesia før kontakt med europearar.
I tillegg til å vera etande rå, kan brødfrukt også tørkast og malast til mjøl. Frøa kan varmebehandlast og etast.
Søraust-Asia, Stillehavsøyane og Madagaskar mini|Umu mei, tradisjonell rett med brødfrukt frå Wallis og Futuna.
mini|Skiver av brødfrukt (kolos) som skal brukast til matlaging i det filippinske kjøkkenet. Brødfrukt utan frø finst i Brunei, Indonesia og Malaysia, der ho blir kalla . Ho blir vanlegvis skoren til skiver og frityrsteikt og eten som snacks. Denne retten er utbreidd som gatekjøkkenmat.
På Filippinane er brødfrukt kjend som rimas på tagalog og på visayansk. Frukta blir òg kalla (også stava ), i lag med den nærskylde slektningen Artocarpus camansi og den endemiske Artocarpus blancoi ( eller ). Alle desse tre artane, og dessutan den nærskylde jackfrukta, blir ofte brukt på like måtar i middagsrettar. Dei umogne fruktene blir som regel etne som (kokt med kokosmjølk).
I den hawaiiske basisretten kan den tradisjonelle ingrediensen mosa tarorot erstattast av, eller blandast med, most brødfrukt ( på hawaiisk). Denne «brødfrukt-poien» er kjend som .
Sør-Asia I India blir friterte brødfruktskiver kalla paatponnos/nirponnos på kannada, jeegujje eller deevihalasu på konkani eller kadachakka varuthath på malayalam. Det er ein lokal delikatesse i kystområde i Goa, Karnataka og Kerala. På Seychellane blei retten tradisjonelt eten i staden for ris, som følgje til annan mat. Ein kunne anten eta det kokt (friyapen bwi) eller grilla (friyapen grye), der ein la heile frukta i elden som blei nytta til å laga hovudmåltidet og deretter tok henne ut når det var klart. Frukta blir òg eten som dessert, kalla ladob friyapen, der ho blir kokt i kokosmjølk med sukker, vanilje, kanel og litt salt. På Sri Lanka blir ho nytta til karri med kokosmjølk og krydder eller kokt. Kokt brødfrukt er eit kjent hovudmåltid. Ho blir ofte eten i lag med skrapt kokosnøtt eller kokos-sambol som blir laga av skrapt kokosnøtt, raudt chilipulver og salt med litt limejus. Ein tradisjonell søtmatrett laga av finskorne, soltørka brødfruktbitar som er frityrsteikte i kokosolje og dyppa i oppvarma sirup er kjend som rata del petti.Apé Lamā Lōkaya:1950, Chapter 31 (Vijitha Yapa Publications)
Karibia og Latin-Amerika mini|Oil down, ei grenadisk stuing med brødfrukt.
I Belize blir frukta kalla masapan av mayafolk.
På Puerto Rico blir brødfrukt kalla mapén, panapén eller pana, men pana blir ofte nytta om brødnøtt, som ein tradisjonelt har hausta frø av og kokt, skrella og ete heile. I nokre innlandsregionar blir frukta nytta til å laga fylte pasteles og alcapurrias. Brødfrukt blir ofte servert kokt i lag med retter som sautert bacalao (klippfisk), olivenolje og lauk, vanlegvis som tostones der tommestore bitar blir steikte, pressa litt flate og steikte opp att. Mofongo de panapén er steikt brødfrukt most med olivenolje, kvitlauk, buljong og chicharrón (ribbe eller svor). Rellenos de panapén er brødfruktversjonen av den fylte potetretten papa rellena. Ein kan laga ein dipp av kokt, mogen brødfrukt som liknar chutney, med krydder, sesamfrø, urter, linser, kokosmjølk og frukt. Mogen og umogen frukt blir kokt saman og most med mjølk og smør til pastelón de panapén, ein rett som liknar lasagne. Mogen brødfrukt blir nytta til dessertar som flan de pana. Cazuela er ein slags pai utan deig laga med mogen brødfrukt, krydder, rosinar, kokosmjølk og søtpotet. Brødfruktmjøl blir selt over heile Puerto Rico og nytta til brød, småkaker, pannekaker, vaflar og almojábana. Den siste fredagen i august blir det halden ein Breadfruit Festival der ein sel tradisjonelle og nye brødfrukt-rettar i Barrio Mariana i Humacao.Victoria840, Festival de la Pana dedicará su 37ª edición a Victoria 840 , https://www.victoria840.com/festival-de-la-pana-dedicara-su-37a-edicion-a-victoria-840/, August 27, accessed 1 March 2026