Ebola eller Legbala er ei ca. 225 km lang elv i den nordre delen av Den demokratiske republikken Kongo. Elva er hovudtilløpet til Mongala, som ho går over i etter samløpet med elva Dwa kring åtte km søraust for byen Businga. Mongala er ei sideelv til Kongoelva.
Sjukdommen ebola og ebolavirus har fått namn etter denne elva. Ved elva, i landsbyen Yambuku i provinsen Équateur, var det eit katolsk misjonssjukehus. Her var det eit utbrot av sjukdomen i 1976.Report of an international Commission: Ebola haemorraghic fever in Zaire, 1976 In: Bulletin of the World Health Organisation. 56 (2), s. 271–293, 1978.
Namnet Ebola er ein deformasjon av ngbandinamnet Legbala,Basile Tanghe et A. Vangele: « Région de la Haute Ebola : Notes d’histoire (1890-1900) », i Aequatoria, no 6, juin 1939, s. 255 som tyder ‘kvitt vatn’ på norsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ebola (elv)» frå , den 17. april 2026.
Kategori:Kongobassenget Kategori:Elvar i Kongo Kategori:20°E Kategori:22°E Kategori:3°N