Det norske Arbeiderpartis forlag (DNAF) var eit norsk forlag som eksisterte frå 1918 til 1933. Forlaget var underlagt Arbeidarpartiet og publiserte trykksakar frå ei rekke viktige tenkjarar i partiet og internasjonalt.

Forlaget vart skipa i 1918 då forlagsverksemda til Arbeidarpariet vart skild ut som eigen avdeling under sentralstyrets leiing. Forlaget høyrte då til i kjellaren til Folkets Hus i Oslo.

I 1933 vart Kolbjørn Fjeld tilsett som leiar av forlaget samstundes som han fekk i oppdrag å starta eit nytt sosialistisk forlag med breiare grunnlag. Seinare det året vart forlaget lagt ned og eigendelane overført til det nyoppretta Tiden Norsk Forlag.

Kjelder

Kategori:Norske forlag Kategori:Skipingar i 1918 Kategori:Nedleggingar i 1933