Peter Henrich Koss () var ein jurist og byråkrat frå Drammen, stortingsmann i 1845.
Koss var son til ein major. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1819. Frå 1825 underrettsprokurator og frå 1838 overrettsprokurator i Buskerud. I 1841 fekk han stillinga som fut i Tønsberg, eit embete han hadde til han døydde.
År 1845 representerte han Tønsberg i stortinget, der han var medlem i Gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Tønsberg Kategori:Folk frå Drammen