Campocolinus er ei biologisk slekt i fasanfamilien. Slekta samlar tre artar i Afrika sør for Sahara.

Ho vart etablert først i 2020 og omfattar artar som tidlegare vart plasserte i slekta Francolinus (frankolinar). Artane i Campocolinus skil seg genetisk med om lag 5–16 % frå andre frankolinar. Dei lever i skog og savannar med høgt gras i tropisk Afrika. Slektsnamnet Campocolinus er sett saman av campo «savanne» og colinus «vaktel».

Skildring

Artane i Campocolinus er små, vaktelliknande fuglar med kroppslengd på 20-25 cm. Stjerten hos alle artane er oransje eller gulbrun. Ryggfjørdrakta er stripa eller melert, med tydeleg lyse fjørskaft. Nebbet er mørkt, stundom med gul basis. Beina og føtene er gule. Kjønna skil seg i fargedrakt. Hannane har ein einskild, spiss spore bak på tarsen.

Rop og song hos Campocolinus-artane er høge, harde og noko metalliske. Dei byrjar med ein innleiande tone, etterfølgd av ein pause og deretter fem til sju tonar som gradvis minkar i styrke, med både tonale og trillande element. Den viktigaste skilnaden mellom strofer ligg i lengda på dei.

Artane er altetande og lever av mellom anna insekt og vegetabilsk føde som frø.

Galleri

Artsoversyn

Medlemmar av Campocolinus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Campocolinus Kokifrankolin, Campocolinus coqui, Coqui Francolin, (Smith, A, 1836), (LC) Lever spreitt i Afrika sør for Sahara med vidaste utbreiing frå Tanzania til nordaustlege Sør-Afrika

Kvitstrupefrankolin, Campocolinus albogularis, White-throated Francolin, (Hartlaub, KJG, 1854), (LC) Frå Elfenbeinskysten til Kamerun. Fragmentert i DR Kongo og Angola

Isoberliniafrankolin, Campocolinus schlegelii, Schlegel's Francolin, (Heuglin, MT, 1863), (LC) Avgrensa i sentrale Afrika rundt Den sentralafrikanske republikken og Chad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Campocolinus» frå , den 21. mars 2026

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fasanfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter