Ning Zhongyan () er ein kinesisk skeiserennar frå Mudanjiang. Han vart verdsmeister ved Skeise-VM 2024 i sprint-firkamp og olympisk meister på 1500 meter under Vinter-OL 2026.
Ning deltok i tre tevlingar under Vinter-OL i Beijing. Han vart nummer 5 på 1 000 m, 7 på 1 500 m og 12 i fellesstarten. Ved VM enkeltdistansar 2024 i Calgary gjekk han i mål til sølvmedalje på 1000 m, slått av Jordan Stolz frå USA. Deretter sigra Ning i verdsmeisterskapen for sprintarar på Hamar fyrste helga i mars 2024, der han fekk bestetid på begge 1000-meterane. I mars 2025 var han med i det kinesiske mannskapet som triumferte på lagsprinten ved VM enkeltdistansar. I dei olympiske vinterleikane 2026 i Milano vann han bronsemedaljen på 1000 meter, før han, med god margin til Jordan Stolz, sikra seg gullmedaljen på 1500-meteren. Ning fekk også ein OL-bronse i lagsprinten,
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ning Zhongyan» frå , den 26. februar 2026.
Kategori:Kinesiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske meistrar for Kina Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kina Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026