mini|Illustrasjon av teselskapet i Boston. Illustrasjon av W.D. Cooper frå 1789. Teselskapet i Boston (engelsk The Boston Tea Party) er eit populært kallenamn på eit opprør som fann stad den 16. desember 1773 ved hamna i Boston. Aksjonen var ein reaksjon på skattane på te som styresmaktene i Storbritannia hadde pålagt dei britiske koloniane i Nord-Amerika, seinare dei første delstatane i USA. «Teselskapet» bestod i at ei gruppe amerikanarar utkeldde som indianarar tok seg ombord tre handelsskip lasta med te, og kasta all teen over bord. Dette vert rekna som opptakta til Den amerikanske frigjeringskrigen.
Protesten i Boston hadde bakgrunn i ein langvarig strid om britiske styresmakter hadde rett til å fastsetja skatt i koloniane, som ikkje hadde representantar i det britiske parlamentet. Slagordet «No taxation without representation», 'inga skattlegging utan representasjon', viser til dette.
Teloven (Tea Act) frå 1773 slo fast at berre Det britiske austindiakompaniet kunne selja te i dei nordamerikanske koloniane til visse utvalde forhandlarar. Ein skatt på tre pence per pound frå dei tidlegare og omstridde Townshend-lovane blei verande for å demonstrera den britiske «retten til å skattleggja amerikanarar».Statsminister Frederick North, Lord North: «The right of taxing the Americans» Elles kunne kompaniet selja teen svært billig.
mini|«The American dope party», teikning frå bladet Puck frå 1906, der folk hiv dårlege matvarer med tilsetningsstoff på sjøen. Teselskapet i Boston har vore inspirasjon for fleire seinare politiske protestar. På 2000-talet blei namnet «Tea Party» teke i bruk av ei mektig politisk protestrørsle i USA.
Kjelder Fotnotar
Bibliografi «Det originale teselskapet i 1773», nrk.no The Boston Tea Party (6. november 2013), Store norske leksikon. Henta 11. november 2013.
Delar av denne artikkelen bygger på «Boston Tea Party» frå , den 11. november 2013. oppgav desse kjeldene: Labaree, Benjamin Woods. The Boston Tea Party. Originally published 1964. Boston: Northeastern University Press, 1979. ISBN 0-930350-05-7.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikansk historie Kategori:Hendingar i 1773 Kategori:Boston