Remember Monday er ei engelsk country pop-jentegruppe som består av Lauren Byrne, Holly-Anne Hull og Charlotte Steele. Gruppa fekk merksemd etter deltakinga si i The Voice UK i 2019. Dei representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «What the Hell Just Happened?», der dei enda på 19. plass. Karriere Trioen møtte kvarandre medan dei studerte ved Sixth Form College, Farnborough, der dei knytte band over ein felles lidenskap for musikk. Hull hadde tidlegare opptrådd på Elizabeth II sin 80-årsdag, vunne My Camp Rock i 2009 og medverka i både og Les Misérables. Byrne hadde spelt Miss Honey i Matilda, medan Steele hadde spelt Jane Banks i Mary Poppins. Då dei skipa gruppa i 2013, kalla dei seg Houston, men endra namn til Remember Monday i 2018 – fordi dei hadde friminutt på måndagar og kunne øve saman då.
Remember Monday dukka opp i 2019-utgåva av The Voice UK, der dei framførte «Kiss from a Rose» av Seal på auditionen. Alle dei fire dommarane snudde seg, og gruppa valde å ha Jennifer Hudson som mentor; delvis fordi ho var den einaste kvinna på dommarpanelet, og delvis fordi ho kasta ein sko etter dei – noko Hudson meinte var eit kompliment. Gruppa slo deretter ut Kieron Smith i «Battle»-runden med «Home» av , men rauk ut under «Knockout»-rundane etter å ha framført sin eigen låt «Jailbreaker». I september 2023 sa alle tre opp jobbane sine for å satse fullt på musikken, der Steele gav frå seg stillinga som assisterande rektor ved Artemis College, ein skule for scenekunst.
I 2024 framførte Remember Monday «Hand in My Pocket» av Alanis Morissette på The Jennifer Hudson Show, og gav ut EP-en Crazy Anyway same år. Den 7. februar 2025 kunngjorde Nat O’Leary og Vicky Hawkesworth på morgonshowet sitt på BBC Radio 1 at Remember Monday skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest i Basel. Den uformelle måten kunngjeringa vart gjort på vart latterleggjord på nettet, sidan kringkastaren ikkje hadde gitt noko offisiell stadfesting, noko som først skjedde 7. mars 2025.
Remember Monday vart den første jentegruppa som representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest sidan Precious i 1999, og gjorde det med songen «What the Hell Just Happened?». Låten nådde 95. plass på den britiske singellista veka etter utgjevinga. I finalen av Eurovision Song Contest enda gruppa på 19. plass, etter å ha fått 88 poeng frå juryane – men null poeng frå publikum.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Remember Monday» frå , den 6. desember 2025.
Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar