Elisabeth av Wied () var ei rumensk fyrstinne, dronning og forfattar (under pseudonymet Carmen Sylva), gift med kong Carol I av Romania.
Bakgrunn Elisabeth var dotter til den fjerde fyrsten av Wied, Hermann av Wied. Mor hennar Marie av Nassau var syster av den svenske dronninga Sofia, og Elisabeth var dermed kusine av Gustaf V av Sverige. Oppveksten hennar var prega av sjukdom i familien. Faren, som hadde vore lungesjuk frå ungdommen, døydde 50 år gammal i 1864. Yngstebroren hennar Otto var fødd misdanna, og mora var òg tidvis svak.
Elisabeth blei skildra som eit livleg og fantasifullt barn, noko foreldra hennar prøvde å dempa med ei uvanleg streng oppseding. Ho fekk ei særs omfattande utdanning innan måleri, musikk, filosofi og dessutan klassiske og moderne språk (ho kom sidan å skriva på tysk, fransk, engelsk og rumensk). Frå tolvårsalderen skreiv ho høvesvers og korte forteljingar, og som syttenåring byrja ho ei mangeårig dagbok på vers. Ho viste òg tidleg ei interesse for det okkulte.
Åra 1850–1852 var ho i Bonn, der broren fekk behandling for helsa si. Her møtte Elisabet ei rekkje framståande diktarar og kunstnar, og blei òg kjent med dei tre brørne Sturdza frå fyrstedømet Moldova (i noverande Romania) som då var underlagt Det osmanske riket.
Då familien hausten 1860 var særleg har råka av sjukdom blei Elisabeth send for å vitja gudmora si Augusta av Sachsen-Weimar i Berlin. Under dette opphaldet møtte ho 1861 den framtidig maken sin, dåverande prins Karl av Hohenzollern.
Fyrstinne av Romania mini|venstre|Elisabeth av Wied og Carol I av Romania mini|Carol I, Elisabet og dottera Maria. mini|Elisabeth av Wied mini|Elisabeth av Wied i 1912. venstre|mini|Medalje for Elisabetordenen.
Viktoria I av Storbritannia vurderte ei kort tid Elisabet som er mogleg brur til Edvard VII av Storbritannia, men ho blei vald vekk i 1863 til fordel for Alexandra av Danmark, som Edvard føretrekte utsjånaden til. Då eldstebror hennar ein gong spurde Elisabeth om ikkje tanken på å få innta ei trone tiltalte henne, svarte ho halvt i spøk: «Det einaste landet eg kunne ønska å styra over var Romania, for der ville eg få noko å gjera.»
På denne tida var Romania eit fyrstedøme som nett var sameint gjennom ein union mellom Moldova og Valakia, og stadig under osmansk overherredøme. Då landet skulle velja ein ny monark etter eit opprør 1866 fall valet på Karl av Hohenzollern, som tok namnet Carol I. Då han skulle gifta seg i 1869 blei Elisabet anbefalt for han av den nære vennen og slektningen hans, den prøyssiske kronprinsessa Viktoria av Storbritannia. Kort tid seinare blei det arrangert eit møte mellom desse to ved ei musikalsk tilstelling i Köln. Fire dagar seinare blei trulovinga mellom dei kunngjort, og drygt ein månad seinare stod bryllaupet i Neuwied.
Brureparet kom på nyttåret 1870 via Donau til grensebyen Turnu Severin, der Elisabeth blei helsa med kanonsaluttar, hurrarop og blomsterregn. Trass den varme velkomsten leid ho dei fyrste åra i landet av heimlengsel og problem med å forstå ein ny kultur. Det rådde òg spende forhold både innanfor landet og til nabolanda.
I september 1870 fødde Elisabet ei dotter, Maria, ei hending som blei helsa med glede. Under oppsedinga av dottera lærte Elisabeth seg det rumenske språket og viste interesse for lokale folkeviser, legender og klesdrakt.
Under ein epidemi av skarlaksfeber i 1874 blei Maria sjuk og døydde. Carol føreslo at ho skulle æra dottera og spreia sine eigne tankar og sorga ved å studere rumensk litteratur og omsetja utvalde delar av han til tysk. Elisabeth byrja å omsetja dikta til den kjende skalden Vasile Alecsandri dikter. Ho omsette òg i motsett retning «dei store tyske meistrane», som for fyrste gong fekk ei rumensk tolking. Ho hadde alltid gøymd bort sine eige diktforsøk, men etter at Alecsandri på eit tidspunkt hadde lese nokre og oppmuntra henne, bestemte ho seg for å gje ut nokre av dei.
Ho valde så etterkvart pseudonymet sitt Carmen Sylva, av latinsk carmen sylvae (songen til skogen), då ho meinte at ho prøvde vera som «fuglen på greina, som syng til glede for menneska.»
Under frigjeringskrigen mot Det osmanske riket 1877–1878. leia Carol hæren medan Elisabet organiserte pleie av dei såra. Av soldatane fekk ho heidersnamnet Mama ranitilor (‘mor til dei såra’). Etter at rumenarane og russarane vann krigen blei Romania sjølvstendig. I 1881 blei det offisielt utropt til eit kongerike. Elisabet stifta Elisabetorden som ei utmerking for føretak innanfor helsestell.
Dronning av Romania Elisabeth blei omtalt som ein dyktig musikar, pianist og organist. I 1880 blei vitja paret av den svenske komponisten Ivar Hallström, som tonesette fleire dikt og bad henne å skriva ein libretto til ein opera. Resultatet var operaen Neaga, som blei urframført i Stockholm 1883. Ei aforismesamling gitt ut på fransk i 1888, Pensées d'une Reine, (‘Tankar til ei dronning’), blei til Elisabet si glede løna med heidersprisen til Det franske akademiet.
Med velgjerdsarbeidet sitt og støtte til kunstnarar, stipend, utdanning og stiftingar danna Elisabeth eit mønster for rumenske overklassekvinner, noko som hadde stor tyding i eit land utan eit sosialt tryggleiksnett. I 1893 grunnla ho ein organisasjon for generelt sjukestell og i 1909 den fyrste institusjonen i landet for blinde og støtta òg frigjering og tilgang til utdanning for kvinner, noko som var viktig i eit land som ved denne tid var lite påverka av resten av Europa. Ho støtta òg turisme, og opptredde ofte i folkedrakt med hoffdamene sine i offentlege samanhengar. Elisabet var sjølv både sosialdemokrat og republikanar, men dette var ikkje meiningar ho sa fram ope. Ho sa til vennene sine at ho ikkje kunne forstå korleis allmenta kunne tolerera eit monarki.
Då paret ikkje fekk nokre fleire barn, adopterte dei i 1889 brorsonen til kongen, Ferdinand av Sigmaringen, som tronfølgjar. Ferdinand blei forelska i ei av hoffdamene til Elisabeth, Elena Văcărescu, og ønskte å gifta seg med henne. Planane om giftarmål blei støtta av Elisabeth og i fyrstninga også kong Carol, men møtte sterk motstand i Romania. Som følgje måtte både Văcărescu og Elisabeth reisa utomlands, og Ferdinand blei tvinga til å velja ei kongeleg brur. Den såkalla Văcărescu-affæren bidrog til det generelle biletet av henne som ein urealistisk drøymar, og skadde sinnslikevekten hennar. Åra 1891–1894 var ho i Venezia for å koma seg. Ved heimkomsten blei ho varmt helsa, og blei no kjend som Mama Regina (‘Vår mor dronninga’).
Frå 1908 var Elisabet uroa for helsa til kongen og forviklingane som kulminerte i Balkankrigen og Den fyrste verdskrigen. Samtidig utvikla ho sjølv grå stær, som gjorde det alt vanskelegare å skriva. Då Carol plutseleg gjekk bort i oktober 1914, trekte ho seg tilbake til eit avsides kloster. Etter ein augeoperasjon kunne ho likevel halda fram forfattarskapen til det siste. Ho døydde av lungebetennelse i 1916.
Litterær produksjon Produksjonen til Carmen Sylva omfattar nær eit hundretals band og dessutan ei mengd uutgjevne manuskript. Ein kritikk var at ho tidvis kunne prioritera kvantitet framfor kvalitet, og nytta for mykje fantasi. Skriftene hennar er blitt skildra som «fengslande» og «umiddelbare», men konstnarisk ujamne. Ho blir rekna som best i diktform, til dømes i samlinga Meine Ruh (1884).
Eventyrsamlingane hennar (delvis omarbeidingar av rumenske folkeeventyr), som Märchen einer Königin (Frå Carmen Sylvas kongerike), syner fram forteljartalenten hennar, medan novellene og romanane er meir ujamne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elisabeth av Wied» frå , den 16. november 2025. oppgav desse kjeldene: Denne artikkelen er delvis basert på rumenskspråklege Wikipedia
Bakgrunnsstoff
Fanny Ekenstierna: Carmen Sylva, gitt ut kort tid etter at Elisabet døydde.
Kategori:Rumenske kongelege