Bashar al-Assad () er ein tidlegare syrisk president. Han var president i Syria frå 2000 til 2024 og leiar for det syriske Baath-partiet. Etter den syriske grunnlova var Baath-partiet det statsberande partiet.

Bakgrunn Bashar al-Assad er utdanna augelege i Damaskus og London. Han var opphavleg ikkje tiltenkt noka politisk rolle, men dette endra seg då den eldre broren Basil al-Assad døydde i 1994.

Bashar al-Assad vart president etter at faren Hafez al-Assad døydde, og hadde ikkje hatt framståande politiske stillingar før dette. Verken Bashar al-Assad eller faren Hafez har vorte valde i frie, demokratiske val.

Al-Assad-familien høyrer til den muslimske alawitt-sekta, ein religiøs minoritet i Syria.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Assad, Bashar