Markéta Jeřábková () er ein tsjekkisk handballspelar frå Plzeň som sidan 2023 spelar for danske Ikast Håndbold. Ho er venstre rykkromspelar.

Karriere Klubbspel Jeřábková var frå 2014 aktiv i DHK Baník Most. Årleg fram 2018 var ho med på å vinne den nasjonale seriemeisterskapen. Deretter spelte ho i to sesongar for det ungarske fyrstedivisjonslaget Érd NK. Sommaren 2020 flytta ho til den tyske Bundesliga-klubben Thüringer HC. Med 250 mål vart ho toppskårar i ligaen sesongen 2020/21.

Frå 2021 til 2023 hadde Jeřábková kontrakt med det norske topplaget Vipers. I sin fyrste sesong med laget frå Kristiansand vann ho noregsmeisterskapen, eliteserien og EHF-meisterligaen. Under Final Four i meisterligaen skåra ho 19 mål og vart kåra til beste spelar. Også i sesongen 2022/23 vann Vipers dei same tre turneringane. Sidan 2023 er ho Ikast-spelar i Danmark.

Landslagsspel Jeřábková fekk sin landslagdebut for Tsjekia 11. september 2014. Ho deltok i verdsmeisterskapen 2015, europameisterskapen 2016, VM 2017, EM 2018 og VM 2019 og VM 2023. Per 1.1.2025 stod ho med 107 landskampar og 531 landslagsmål.

Merittar Vinnar av meisterligaen: 2022 og 2023 for Vipers Tsjekkisk meister: 2015, 2016, 207 og 2018 for Banik Most Noregsmeister: 2022 og 2023 for Vipers Norsk seriemeister: 2022 og 2023 for Vipers

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Markéta Jeřábková» frå , den 6. mai 2025.

Kategori:Tsjekkiske handballspelarar