Nye Hjorten Teater er eit privateigd folketeater i Trondheim. Teateret opna 15. januar 2025.
Eigarane av Nye Hjorten Teater er REITAN, som finansierte prosjektet, og den kunstnariske trioen , og . Bones, Havdal og Løseth har saman stått bak fleire større teaterproduksjonar, blant anna spelparodien Slaget på Testiklestad, som har vore spelt på Trøndelag Folkemuseum i sommarhalvåret sidan 2014. I Nye Hjorten Teater har Bones stillinga som teatersjef, Havdal er musikalsk leiar og Løseth kunstnarisk produsent.
Eigarane legg vekt på at teateret skal vere eit folketeater som tilbyr musikalar, folkekomediar, show og klassiske storverk av høg kvalitet. Ressurs- og bookingsjef for teateret svarte i eit intervju med på kva Nye Hjorten Teater legg i å vere eit folketeater: «For oss handler ‘folketeater’ om å være tilgjengelig for et bredt publikum både gjennom innholdet vi programmerer, og måten vi engasjerer og jobber med publikum på.»
Namnet Namnet Nye Hjorten Teater er ei hylling til , betre kjent som «Hjorten», som eksisterte i i Trondheim i perioden 1867 til 1947. Hjorten hadde framsyningar med varietéartistar frå inn- og utland. Det tyske ekteparet Olga og Fritz Topp eigde «Hjorten» frå 1898 til 1955.
«Nye Hjorten» har vore i bruk i byen sidan 2018 som namn på Nye Hjorten konsertserie, driven av skodespelaren og musikaren Trygve Brøske. Konsertserien og teateret er to uavhengige institusjonar, men båe namna er inspirerte av varietéteateret i Ila.
Bygget Teaterbygget er teikna av arkitekt . Bygget er i overkant av 5000 m2 stor, har ein hovudsal med plass til rundt 670 publikummarar og ein bisal med plass til 200. Hovudscena har to dreiescener med motoriserte podium, meir enn 50 trekk i snorloftet og 12 punkttrekk inkludert 3D-flyvning.
Det raude bygget ligg i , i sentrum av Trondheim. Hovudfasaden er kledd med spesiallaga, glaserte raude fliser. Raudfargen framhevar teateret i eit grått bygningsmiljø og er vald med tanke på at fleire sentrale bygg og anlegg i byen har nettopp denne fargen. Fargen finn mann att, blant anna på fleire av i , på , , og Gamle Bybro. Raudfargen var tema då byggesaka skulle behandlast i bygningsrådet. Fleire av politikarane meinte det var riktig at inngangsfasaden til bygget var tydeleg og framståande, og fargen blei godkjend.
Olgas I teaterbygget ligg også restauranten Olgas, som blir driven av og . Det er 50 sitjeplassar i restauranten, som satsar på same profil som teateret: Folkeleg, med høg kvalitet.
Namnet på restauranten er vald for å gjere ære på Olga Topp, som eigde Hjorten Revy- og Varietéteater frå 1898 til 1955. Ein periode eigde ho og mannen også Britannia Hotel.
Olgas opna same dato som teateret: 15. januar 2025.
Historie Initiativtakar til prosjektet «kulturkvartalet Nye Hjorten Teater & Posten Moderne» var . Han er også styreleiar for Nye Hjorten Teater og styremedlem i PoMo.
E.C. Dahls Eiendom, som er eigd av Reitan Eiendom, lanserte hausten 2020 planane for utvikling av ei ny underhaldingsscene i Apotekerveita og eit kunstmuseum i det gamle hovudpostkontoret i Dronningens gate. Allereie i årsrapporten til Reitan for 2020 hadde institusjonane fått sine namn: Nye Hjorten Teater og Posten Moderne. På nettstaden blir det no kalla PoMo.
Grunnsteinen til Nye Hjorten Teater blei lagd ned 18. januar 2023.
Nabobygget til teaterbygget, hovudpostkontoret, er teikna av arkitekt og stod ferdig i 1911. I 2013 flytta postkontoret til ei anna adresse i Trondheim. Postbygget er seinare kjøpt av E.C. Dahl Eiendom. Bygget er rehabilitert og ombygd og vil innehalde eit kunstmuseum for internasjonal kunst. Arkitekt for ombygginga er , og prosjektet blei finansiert av REITAN. Museet opna våren 2025.
Fyrste framsyning Opningsframsyning i Nye Hjorten Teater var Peter Pan – Stargate to Neverland, ein nyskriven musikal av Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal. Musikalen gjorde også i stor grad bruk av eksisterande musikk skriven av og . 25 av låtane til Stargate var med i framsyninga.
Musikalen hadde premiere 15. januar 2025.
Andre arrangement i teateret I 2025 blei VM på ski arrangert i Trondheim. Under VM sendte TV-kanalen TV 2 det faste programmet frå Speilsalen på Britannia Hotel. I tillegg sende han kvar kveld underhaldingsprogram frå Nye Hjorten Teater.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nye Hjorten Teater» frå , den 22. februar 2025.
Kategori:Kultur i Trondheim Kategori:Teater i Noreg Kategori:Midtbyen i Trondheim Kategori:Skipingar i 2025