Jacob Kielland () var ein norsk gardbrukar, offiser og politikar, fødd og død i Stavanger.
Kielland var son son til ein handelsmann. Sjølv var han offiser i marinen frå 1844, fremja til premierløytnant 1856 og var kapteinløytnant 1865-66. Sidan var han eigar og drivar av storgarden Ledaal i Stavanger, og direktør på sjømannskulen i byen.
Kielland var ei tid med i Horten bystyre. Heime i Stavanger var han nokre år ordførar. Valbolken 1871-73 møtte han i Stortinget som varamann for Christensen. Den neste stortingsperioden var han fast representant på Tinget frå Stavanger og Haugesund. Han var medlem i Militærkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Stavanger Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Stavanger