«Luktelk» (norsk omsetjing ‘vent’) er ein song med den litauiske artisten Silvester Belt. Songen blei gjeven ut 11. januar 2024, men blei fyrste gong framført 13. januar 2024 under songtevlinga Eurovizija.LT. Songen vann tevlinga og var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Om songen «Luktelk» er ein litauiskspråkleg som er skriven av {Silvester Belt, saman med Džesika Šyvokaitė og Elena Jurgaitytė, og produsert av Karolis Labanauskas og Linas Strockis. I eit intervju snakka Beltė om korleis låten blei til: «vi sette oss ned for å skrive, og ideen kom opp om at det ville vore interessant å prøve oss på Eurovision-scena, så vi bestemte oss for å skrive ein song berre for dette eventyret».

«Luktelk» har blitt skildra som en poplåt med element av elektronisk musikk og er inspirert av dei tidlegare litauiske Eurovision-bidraga «Sentimentai» og «Stay», som har tekst på litauisk. Beltė avslørte at teksten var skriven med «hensikt at konsonantane skulle likne andre ord på andre språk», slik at songen var «enklare og meir forståeleg for utlendingar».

Eurovision Song Contest I desember 2023 kunngjorde den litauiske ålmennkringkastaren (LRT) at «Luktelk» var blant bidraga i songtevlinga Eurovizija.LT 2024. Vinnaren av Eurovizija.LT 2024 fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.

«Luktelk» deltok i den fyrste delfinalen 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 17. februar 2024. I finalen gjekk songen vidare til superfinalen og vann til slutt heile tevlinga, etter å ha fått flest sjåarrøyster. Gjennom sigeren blei «Luktelk» det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.

Litauen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei «Luktelk» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen kom låten på 14. plass med 90 poeng.

Listeplasseringar Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 32 Latvia (LAIPA) 10 Litauen (AGATA) 1 Sverige (Sverigetopplistan) 83 UK Indie Breakers (OCC) 20

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luktelk» frå , den 7. desember 2024.

Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Litauiskspråklege Eurovision Song Contest-songar