Nissebanden i Grønland er ein dansk tv-julekalender som fyrst blei sendt på DR1 i 1989. Julekalenderen handlar om Nissebanden, som blir sendt til Grønland for å hjelpa julenissen. Han er ein oppfølgar til julekalenderen Nissebanden, som blei sendt i 1984.Nissebanden i Grønland. Danskefilm.dk. Hentet 16/9-2013 I 2003 blei han følgd opp av Nissernes Ø.
Julekalenderen blei sendt opp att i 1993, 2002, 2011 og 2016Nissebanden. Tvjulekalender.dk. Hentet 16/9-2013 og på DR Ramasjang i 2021.Årets julekalender på tv 2016 for DR, DR2, TV2, Ramasjang. juleliv.dk. Hentet 9. september 2016.
Handling Nissebanden blir sendt til Grønland av agent A-38 for å hjelpa Julemanden (nissen) med å laga julepresangar til barna. Julemanden har reist vekk for å leita etter to stjernesteinar som har ei magisk kraft. Fiffig Jørgensen, som bor i Holme-Olstrup, vil ha Julemanden til å flytta til byen og tek i fyrste omgang alle breva som blir sende til Julemanden. Då A-38 får sendt dei avstad til Nissebanden, dreg Fiffig- Jørgensen av garde til Grønland. Der klarer han å få tak i ønskesteinane og tryller seg sjølv om til julenisse.Nissebanden i Grønland. Danskefilm.dk. Hentet 16/9-201350 år med DR's julekalendere: Nissebanden i Grønland (1989) + Nissernes Ø (2003). brianiskov.blogspot.dk. Hentet 16/9-2013
Produksjon mini|Uummannaq-fjellet, som har gitt namn til byen og fjorden. Manuskriptet blei skrive av Flemming Jensen i samarbeide med Dalen Hans i 1987 i bygda Ikerasak i Grønland. Dalen Hans skreiv òg musikken, og serien blei regissert av Per Pallesen.Nissebanden i Grønland. Danskefilm.dk. Hentet 16/9-2013
Til Nissebanden si mølle i Holme-Olstrup brukte ein høvesvis Kaleko Mølle på Fyn og Tadre Mølle på Midtsjælland. Opptaka frå landsbyen blei laga rundt den gamle kjøpmannsgarden i Slagslunde, medan herregarden Ravnstrup blei brukt til å filma bustaden til A-38.Nissebanden i Grønland. Danskefilm.dk. Hentet 16/9-2013
Til opptaka på Grønland nytta ein området kring Uummannaq i Vestgrønland.Nissebanden. Tvjulekalender.dk. Hentet 16/9-2013 og Opptaka blei gjort våren 1989 i løpet av 40 dagar.50 år med DR's julekalendere: Nissebanden i Grønland (1989) + Nissernes Ø (2003). brianiskov.blogspot.dk. Hentet 16/9-2013 I 2011 rapporterte fleire medium at isen ein hadde nytta i mange av scenane der det blei køyrt hundeslede på var smelta som følgje av klimaendringar.1/12-2011 Nissebandens is er smeltet. dr.dk. Hentet 16/9-20132/12-2011 Nissebandens is er smeltet. kristeligt-dagblad.dk. Hentet 16/9-20131/12-2011 Nissebanden ville drukne i dag. ekstrabladet.dk. Hentet 16/9-2013
Dei innandørs scenane med m.a. julenisseverkstaden og klippegrotta der Luffe bur, blei filma i TV-Byen i København.50 år med DR's julekalendere: Nissebanden i Grønland (1989) + Nissernes Ø (2003). brianiskov.blogspot.dk. Hentet 16/9-2013
Mottaking Nissebanden i Grønland fekk gode meldingar, og blei òg ein sjåarsuksess. Han er den hyppigast gjenutsende julekalenderen på DR, ettersom han er blitt send fem gongar i alt. Scenar i avsnitt 10 og 11 fekk ein del kritikk frå sjåarane då ein sel blei skoten og partert av ein grønlandsk fangstmann.50 år med DR's julekalendere: Nissebanden i Grønland (1989) + Nissernes Ø (2003). brianiskov.blogspot.dk. Hentet 16/9-2013
Fiffig Jørgensen blei hausten 2016 røysta inn som den fjerde beste skurken nokonsinne i dei danske julekalendrane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nissebanden i Grønland» frå , den 4. desember 2024.
Kategori:TV-julekalendrar Kategori:Danske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 1980-åra