Kår eller føderåd var ei ordning for å ta vare på eldre og uføre før statlege pensjonsordningar. Det var vanleg at dei tidlegare eigarane fekk kår som ein del av oppgjeret når ein gard vart overført til neste generasjon (sjå odel) eller vart seld. Vilkåra var helst fritt husvære i ei kårstove, fri kost og andre ytingar, og dei var ofte spesifiserte i ein detaljert kontrakt. I ein kårkontrakt frå 1790Kvinnegard, nordre gnr. 96 bnr. 1-, heiter det at kårfolket skulle ha: 4 1/2 tunne bygg á 20 settung tunna (eller det beste kornet som kunne dyrkast på Kvinnegarden); varmt hus og oppvarting på garden, samt eit låsfast og dropefritt hus til oppbevaring av mat og klede.

På store bruk kunne kårfolket krevje romslege kår. I ein kårkontrakt frå 1856Søre Villand (1744-1973) er det mellom anna teke med at dei har rett på 4 kyr og at den eine skal bæra før jul kvar haust. Når kårfolket døydde skulle kårytaren få kyrne mot at han kosta gravferda.

Andre tydingar av ordet «kår» Omgrepet «kår» vert òg nytta om dei sosiale tilhøva i eit samfunn. Ein kan til dømes tala om at industrien eller kulturen har gode eller tronge kår.

Referansar

Sjå og Legd

Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Eldreomsorg