Argentina er delt inn i tjuetre fødererte statar kalla provinsar (spansk: provincias, eintal provincia) og éin kalla den autonome byen (ciudad autónoma) Buenos Aires, som er den føderale hovudstaden til republikken (spansk: Capital Federal), bestemt av den argentinske kongressen.Den argentinske grunnlova, artikkel 3 Provinsane og hovudstaden har sine eigne grunnlover og eksisterer under eit føderalt system.

Politisk organisering

Argentina er ein føderasjon sett saman av tjue–tre provinsar og éin autonom by, Buenos Aires. Provinsane er administrativt delt inn i departement og kommunar, bortsett frå Buenos Aires-provinsen, som er delt inn i partidos og localidades. Sjølve Buenos Aires by er delt inn i kommunar (comuna) og uoffisielle nabolag (barrios).

Provinsane har all makt dei ikkje har valt å delegere til den føderale regjeringa;Den argentinske grunnlova, artikkel 121 dei må vere representative fellesskap og kan ikkje motstride konstitusjonen.Den argentinske grunnlova, artikkel 5, 6 Utover dette er dei fullstendig autonome: dei innfører sine eigne grunnlover, organiserer dei lokale styresmaktene sine frittDen argentinske grunnlova, artikkel 122 og eig og forvaltar sine natur- og finansressursar.Den argentinske grunnlova, artikkel 124, 125 Dermed har kvar provins sitt eige sett med provinslover og rettssystem, ein høgsterett, ein guvernør, ein autonom politistyrke og ein kongress. I åtte provinsar er den lovgivande forsamlinga tokammersystem, beståande av eit overhus (senat) og eit underhus (deputertkammer), medan i dei andre femten provinsane og i Buenos Aires by, har eit eittkammersystem.

Ved opprør, invasjon, territoriale inntrengingar eller andre trugsmål mot lovene i landet i kva provins som helst eller hovudstaden, har kongressen myndigheit til å erklære føderal intervensjon i det ramma distriktet,Den argentinske grunnlova, artikkel 6 sjølv utan formell førespurnad frå den ramma parten.Den argentinske grunnlova, artikkel 75 Når kongressen har pause og derfor ikkje kan intervenere, har presidenten rett til å vedta ein slik intervensjon, men denne utøvande ordren kan gjerast om av kongressen når han samlast igjen.Den argentinske grunnlova, artikkel 99 Når intervensjonen er erklært, blir oppløyst straks styret i det ramma distriktet, heilt eller delvis etter avgjerda til kongressen, og presidenten utnemner ein representant eller intervenerer, som skal fungere mellombels til situasjonen er løyst. Sidan 1983 har fire provinsar vorte intervenerte, nemleg Catamarca, Corrientes (to gonger), Santiago del Estero (to gonger) og Tucumán.

I løpet av det 20. hundreåret har nokre provinsar hatt regjeringar som tradisjonelt vart kontrollerte av éin familie, til dømes Saadi-familien i Catamarca, eller Sapag-familien i Neuquén; i eitt tilfelle er situasjonen den same fram til 2009: provinsen San Luis har nesten utan opphald vore styrt av Rodríguez Saá-familien sidan desember 1983.

Artikkel 61 i Grunnlova for Buenos Aires by seier at «Stemmegivinga er fri, likeverdig, hemmeleg, universell, obligatorisk og ikkje kumulativ. Utanlandske bebuarar nyt denne retten, med dei korresponderande plikter, på like vilkår med argentinske statsborgarar registrert i dette distriktet, i samsvar med føresegnene i lova».

Oversyn over provinsane med hovudstad og folketal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Provinces of Argentina» frå , den 7. november 2024

Bakgrunnsstoff