Fjærland var den største veglause fjordbygda i dåverande Sogn og Fjordane fylke fram til ny ferjekai og sambandet Balestrand-Hella-Fjærland opna 15. mai 1974. Den nye kaia overtok for den hundre år gamle dampskipskaia som låg om lag 400 meter unna, på nordsida av Fjærland kyrkje.

I 1986 opna ny Riksveg 625 med Fjærlandstunnelen mellom Fjærland ferjekai og Skei i Jølster, og med dette vart ferjesambandet ein sentral del av den nye heilårlege hovudvegen mellom Indre Sogn og Fjordane i åtte år framover. For i 1994 opna ny veg og tunnelar mellom Bøyaøyri og Sogndalsfjøra som del av nye Riksveg 5, og sambandet vart nedlagd.

Ferjekaia står i dag relativt intakt, men oppstillingsplassen og området rundt har i dei seinare åra vore brukt til lagring av massar tilknytt anleggsarbeid.

Kjelder

Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland