Jofamilien (Stercorariidae) er ein biologisk familie av måsefuglar. Dei har kraftige og krokete nebb og spisse venger. Familien består av ei biologisk slekt, Stercorarius.
Jofamilien samlar i alt sju sjøfuglar som i stor grad lever pelagisk på verdshava når dei ikkje er på land for å hekke. Det finst fire nordlege artar og tre sørlege. Dei sørlege er store fuglar, ein av dei nordlege, storjo, er òg ein stor joart, dei tre andre nordlege artane er monaleg mindre med slankare kroppsform og forlenga midtre halefjører i hekkedrakt. Alle joar hekkar på bakken, og som gruppe hekkar joane sirkumpolart både på den nordlege og sørlege halvkula. Dei nordlege artane hekkar i arktiske strøk og nærliggjande tempererte område. I sør hekkar joar på Antarktis, på antarktiske og subantarktiske øyar og i nærliggjande tempererte område. Hekkehabitata er på øyar, på snaufjell, kystheier og tundra. Dei er langdistanseflyttfuglar, og streiffuglar av sørjoar blir jamvel observerte på Amundsen-Scott-basen på Sørpolen.Beatrice Axelrod, Observations of south polarskuas at dome C c/o Field Biology Program Bell Museum of Natural History University of Minnesota
Skildring Joar er middels til store fuglar, fjørdrakta er mest i gråbrunt og skittenkvitt, ofte med kvite teikningar på vengene. Nokre av artane har både ein lys og ein mørk morf, samt ein mellomfase. Kjønna er like. Dei varierer i storleik frå fjelljo, Stercorarius longicauda, på 310 gram, til sørhavsjo, Stercorarius antarcticus, på 1,95 kg. I gjennomsnitt er ein jo ca. 56 cm lang, og måler 121 cm i vengespenn. Dei har lange nebb med ein nedbøygd tupp som store måsar, og symjehud på føtene med skarpe klør. Dei store joartane ser ut som store, mørke måsar. Vaksne individ av dei tre minste artane fjelljo, tjuvjo og polarjo får karakteristiske halespyd av sentrale halefjører. Joane er sterke, akrobatiske flygarar og er generelt aggressive i disposisjon.
Utanfor hekkesesongen lever joane av fisk og åtsel. Mange er delvis kleptoparasittar, opptil 95 % av fangsten for overvintrande fuglar skjer ved å jage måsar, terner og andre sjøfuglar for å stele fangstane deira. Dei større artane som storjo, kan òg jamleg drepe og ete vaksne fuglar, til dømes lundar og måsar, og har vore registrert å drepe fuglar så store som ein gråhegre.Short notes: Grey Heron killed by Great Skua Scottish Birds, Autumn 1999, 20(1):40 På hekkeområda vil dei tre meir slanke nordlege hekkefuglane ofte ete lemen. Artane som hekkar i Sørishavet beitar i stor grad på fisk som dei kan fange i nærleiken av hekkekoloniane. Egg og ungar av andre fuglar er ei viktig matkjelde for dei fleste joartane i hekketida. I dei sørlege hava og i Antarktis-regionen, vil nokre joartar og spesielt sørjo beite på avfall i hekkekoloniar til pingvinar og sel, nokre gonger tar dei levande pingvinungar. I desse områda synest joane å vike for dei monaleg større kjempepetrellane.
Taksonomi Joane er medlemmer av den biologiske ordenen vade-, måse- og alkefuglar, dei er derfor nærskylde til mellom anna måsar og terner, alkefuglar og saksenebbar. Basert på genetikk, åtferd og fjørlus, kan det generelle tilhøvet mellom artane best uttrykkjast ved å plassere alle artar i éi slekt.AOU (2000). Forty-second supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds. The Auk 117(3):847–858. Studiar av mitokondrie DNA viser at polarjo og storjo er nærare nærskylde til kvarandre enn dei er til fjelljo, tjuvjo og til dei sørlege artane.Cohen, Baker, Belchschmidt, Dittmann, Furness, Gerwin, Helbig , de Korte, Marshall, Palma, Peter, Ramli, Siebold, Willcox, Wilson and Zink (1997). Enigmatic phylogeny of skuas. Proc. Biol. Sci. 264(1379): 181–190.
Artsliste etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Artsnamn Vitskapleg namn Utbreiing StorjoStercorarius skuaHekkar kystnært i arktisk del av nordvestre Eurasia; overvintrar i Sør-Atlanteren og Nord-Atlanteren medrekna Middelhavet. KaneljoStercorarius chilensisHekkar på kysten av Chile og sørlege Argentina; trekker nordover til tropiske farvatn, så langt nord som utanfor Ecuador og Bahia i Brasil.Denis Lepage Avibase - Bird Checklists of the World Henta 4. januar 2013 SørjoStercorarius maccormickiHekkar på kysten av Antarktis, trekker nordover til Nord-Atlanteren, nordlege Stillehavet og nordlege Indiahavet. SørhavsjoStercorarius antarcticusHekkar på Den antarktiske halvøya, sirkumpolart på subantarktiske øyar inkludert Aucklandøyane og Chathamøyane, Fiordland på Sørøya på New Zealand og andre øyar i landet; på søraustre kysten av Argentina Falklandsøyane, Tristan da Cunha og Gough Island. Overvintrar i Sør-Atlanteren og spreitt på sørlege hav. PolarjoStercorarius pomarinusHekkar sirkumpolart på arktisk tundra, overvintrar på sørlege hav. TjuvjoStercorarius parasiticusHekkar kystnært sirkumpolart tempererte eller arktisk område, overvintrar på sørlege hav. FjelljoStercorarius longicaudusHekkar sirkumpolart frå nordre Skandinavia over Sibir til arktisk del av Nord-Amerika, overvintrar sør for ekvator utanfor Sør-Amerika og Afrika.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skua» frå , den 5. januar 2013. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820. Referansar
Bakgrunnsstoff
Videoar, bilete og lydopptak av joar hos Internet Bird Collection
Kategori:Vade-, måse- og alkefuglar Kategori:Sjøfuglar Kategori:Fuglar i Arktis Kategori:Fuglar i Atlanteren Kategori:Fuglar i Oseania Kategori:Fuglar i Sørishavet og Antarktis