Weißwasser/Oberlausitz er ein by og ein kommune nordaust i forbundslandet Sachsen i Tyskland, og høyrer til Landkreis Görlitz. Kommunen omfattar 63,4 km² og hyser 15 000 ibuarar.

Kommunen ligg midt i lyngheilandskap rikt på brunkol. Utvinninga av brunkol førte til at kommunen i 1988 hadde eit folketal på kring 38 000.

Aust i kommunen er det berre 2 kilometer til landegrensa mot Polen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Weißwasser/Oberlausitz» frå , den 8. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Sachsen