Pjotr Mefodijevitsj Zajkov () er ein karelsk språkforskar frå Joensuu som framfor alt har arbeidd med karelsk og med akkalasamisk.
Biografi Pekka (Pjotr) Zajkov voks opp i Kiestinki, i nærleiken av sjøen Koutajarvi i den karelsk-finske sosialistiske sovjetrepublikken. I tillegg til å vere karelar har han også samisk bakgrunn, med samisk bestefar og samiske røter også på morssida.Jaan Õispuu: Zum Jubileum eines karelischen Sprachwissenschaftlers: Pekka Zajkov - 60. I: Linguistica Uralica. 2006. 297-299. (tysk)
Zajkov har arbeidd ved instituttet for språk, litteratur og historie ved den karelske filialen av Det russiske vitskapsakademiet i Petrozavodsk. No er han professor i karelsk ved universitetet i Joensuu.
Lingvistisk arbeid I tillegg til ein liten monografi over akkalasamisk fonologi og morfologi frå 1988 og ei kolasamisk tekstsamling frå 1988 (i lag med V.Z. Panfilov og G.M. Kert) har han også arbeidd med namnespørsmål i Karelen og med karelsk grammatikk.
Viktige arbeid Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologitsjeskoe issledovanie). Petrozavodsk. (russisk) Panfilov, V. Z., G. M. Kert, and P. M. Zajkov. 1988. Obrazcy saamskoj retsji. Petrozavodsk. (russisk) Zajkov, P. M. 2000. Glagol v karelʼskom jazyke. Petrozavodsk. (russisk) Zajkov, P. M. 2002. Grammatika karelʼskogo jazyka. Petrozavodsk. (russisk)
Referansar
Bakgrunnsstoff Leif Rantala. 2005. "Saami studies: Russia/USSR." I: The Saami: a cultural encyclopaedia, red av Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari og Risto Pulkkinen. Helsinki: SKS. 363–365. Elektronisk versjon P.M. Zajkov (russisk)
Kategori:Akkalasamisk språk Kategori:Karelsk språk Kategori:Sovjetiske språkforskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking