Bad Aibling (bairisk Oabling) er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Bayern i Tyskland. Kommunen har nærare 20 000 ibuarar og eit areal på 41,4 km². Byen ligg 492 meter over havet i Landkreis Rosenheim, ei 10 kilometer vest for byen Rosenheim og om lag 50 km søraust for München. Byen er særleg kjent for sine gytjebad.

I 1945 vart den største krigsfange-leiren i Sør-Tyskland oppretta i utkanten av byen. Opptil 100 000 fangar sat internert samtidig.

Den nazi-tyske hærføraren Eduard Dietl var frå Bad Aibling.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bad Aibling» frå , den 11. august 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern