Olga Valentinovna Korbut () er ein tidlegare turnar frå Hrodna som representerte Sovjetunionen. Ho vann tre gullmedaljar under Sommar-OL 1972, to gullmedaljar i Turn-VM 1974 og gull med det sovjetiske mannskapet ved Sommar-OL 1976.

Gjennom sine prestasjonar under dei olympiske sommarleikane 1972 i München, tok Korbut kvinneturn bort frå ballett til akrobatikk. Særleg imponerte ho med sin Korbut-salto på bom. Ho vart også olympisk meister i frittståande og i lagtevlinga, samt sølv i skranke. Under Turn-EM 1973 vart ho nummer 2 i mangekampen. Ved Turn-VM 1974 i Varna vann ho medalje i alle seks tevlingane, to i gull og fire i sølv. Under Sommar-OL 1976 fekk ho gull i lagtevlinga og sølv på bom, bakom rumenske Nadia Comăneci.

Korbut utvandra til USA i 1991.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olga Korbut» frå , den 14. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1976